Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga
Regi | David Dobkin | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Will Ferrell, Chris Henchy, Jessica Elbaum | ||
Manus | Will Ferrell, Andrew Steele | ||
Medverkande | Will Ferrell, Rachel McAdams, Pierce Brosnan, Dan Stevens, Demi Lovato, Melissanthi Mahout, Mikael Persbrandt, Ólafur Darri Ólafsson, Jóhann G. Jóhannsson, Björn Hlynur Haraldsson, Graham Norton, Jon Kortajarena, Bobby Lockwood, Tómas Lemarquis, Jóhannes Haukur Jóhannesson, Nína Dögg Filippusdóttir, Loreen, Dzjamala, Conchita Wurst, Jamie Demetriou, Elín Petersdóttir, Natasia Demetriou | ||
Klipp | Greg Hayden | ||
Musikk | Atli Örvarsson | ||
Sjeffotograf | Danny Cohen | ||
Distributør | Netflix | ||
Utgjevingsdato | 26. juni 2020 (USA)[1] | ||
Lengd | 121 minutt | ||
Opphavsland | USA | ||
Språk | engelsk, islandsk | ||
Sjanger | filmkomedie, filmmusikal |
Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga er ein amerikansk romantisk komedie innan sjangrane musikal og fantasy frå 2020. Filmen er regissert av David Dobkin og skriven av Will Ferrell og Andrew Steele. I hovuddrollene er Will Ferrell, Rachel McAdams, Dan Stevens, Melissanthi Mahut, Mikael Persbrandt, Ólafur Darri Ólafsson, Graham Norton[2], Demi Lovato og Pierce Brosnan. Filmen handlar om dei nære islandske songarane Lars Erickssong og Sigrit Ericksdóttir som får moglegheita til å representere landet sitt i Eurovision Song Contest.
The Story of Fire Saga skulle opphavleg hatt premiere i mai 2020, i samband med Eurovision Song Contest 2020, men på grunn av koronapandemien vart tevlinga avlyst, og filmpremieren vart difor forskoven med éin månad, til 26. juni 2020 på Netflix.[3][4]
Filmen fekk blanda mottaking frå filmmeldarar, som rosa filmen for musikken, men samstundes kritiserte lengda på filmen.[5][6][7] Men filmen fekk god mottaking frå Eurovision-fansen,[8] og han vart seinare nominert til ein Oscarpris i klassen for beste song for tittelsongen «Husavik».[9]
Rolleliste
[endre | endre wikiteksten]Under er ei liste over skodespelarar i filmen:[10]
- Will Ferrell som Lars Erickssong, ein middelaldrande mann som drøymer om å vinne Eurovision Song Contest
- Alfie Melia som unge Lars
- Rachel McAdams som Sigrit Ericksdóttir, duettpartnaren til Lars og mangeårige bestevenn som drøymer om eit romantisk forhold med han
- Sophia-Grace Donnelly som unge Sigrit
- Molly Sandén[11] syng delar av songane til Sigrit. Sandén er kreditert som «My Marianne» (ho og Rachel McAdams jobba saman for å finslipe songstemma til Sigrit).[12]
- Dan Stevens som Aleksander Lemtov, ein flamboyant songar som representerer Russland
- Erik Mjönes syng alle songane til Lemtov
- Melissanthi Mahut som Mita Xenakis, den greske representanten
- Petra Nielsen syng songane til Xenakis.[13]
- Mikael Persbrandt som Victor Karlosson, sjef for den islandske sentralbanken, som ikkje vil at Island skal vinne Eurovision Song Contest
- Ólafur Darri Ólafsson som Neils Brongus, sjef for RÚV, den islandske ålmennkringkastaren
- Graham Norton[14] som seg sjølv i rolla som Eurovision-kommentator
- Demi Lovato som Katiana Lindsdóttir, vinnar av Söngvakeppnin – den islandske uttakinga til Eurovision Song Contest
- Pierce Brosnan som Erick Erickssong, faren til Lars, ein distansert og vanskeleg enkemann
- Joi Johannsson som Jorn, medlem av den islandske Eurovision-delegasjonen
- Alfrun Rose som Anna, medlem av den islandske Eurovision-delegasjonen
- Björn Hlynur Haraldsson som Arnar, ein politimann som er betatt av Sigrit
- Jamie Demetriou som Kevin Swain, sjef for det kreative teamet til Island
- Jon Kortajarena som Corin Vladvitch, programleiar for Eurovision
- Elina Alminas som Sasha More, programleiar for Eurovision
- Elín Petersdóttir som Helka, mora til Sigrit
- Christopher Jeffers som Johnny John John, ein rappar som representerer Sverige
- Rebecca Harrod som Brittny, amerikansk turist
- Josh Zaré som Bill, amerikansk turist
- Bobby Lockwood som Jeff, amerikansk turist
- Eleanor Williams som Jenn, amerikansk turist
- Jóhannes Haukur Jóhannesson som Johans, programleiar for Söngvakeppnin
- Natasia Demetriou som Nina, med i produksjonen til tevlinga
- Hannes Óli Ágústsson som Olaf Yohansson, innbyggjar i Húsavík, som er besett av å høyre songen «Ja Ja Ding Dong»
- William Lee Adams som seg sjølv i rolla som Eurovision-kommentator[15]
- Zack Propert som Stephan, trommis i Fire Saga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.imdb.com/title/tt8580274/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 28. juli 2022.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Mahjouri, Shakiel (17. april 2020). «Rachel McAdams Donates $10,000 To London Health Sciences Centre Stream-A-Thon». ET Canada (på engelsk). Henta 31. juli 2022.
- ↑ Mike Fleming Jr (18. juni 2018). «Will Ferrell To Star In Netflix Music Pic ‘Eurovision’ As Another A-List Comedy Star Tries A Streaming Vehicle». Deadline (på engelsk). Henta 31. juli 2022.
- ↑ «Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga». Henta 31. juli 2022.
- ↑ Rooney, David; Rooney, David (24. juni 2020). «‘Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga’: Film Review». The Hollywood Reporter (på engelsk). Henta 31. juli 2022.
- ↑ «Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga». NRK P3 (på norsk). Henta 31. juli 2022.
- ↑ «Eurovision movie: Are people in Iceland offended by the Will Ferrell Netflix film?». wiwibloggs (på engelsk). 30. juni 2020. Henta 31. juli 2022.
- ↑ «The full list of 2021 Oscars nominations». The Guardian (på engelsk). 15. mars 2021. Henta 31. juli 2022.
- ↑ «Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga (2020) - IMDb». Henta 31. juli 2022.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Acuna, Kirsten. «Rachel McAdams sings in the Netflix 'Eurovision Song Contest' movie, but her performance was blended with vocals from a Swedish singer». Insider (på engelsk). Henta 31. juli 2022.
- ↑ «The Songs on Netflix's "Eurovision" Soundtrack Are Beyond Catchy». Oprah Daily (på engelsk). 29. juni 2020. Henta 31. juli 2022.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Clark, Meredith (26. juni 2020). «A Guide to All the Cameos and Homages in Netflix’s Eurovision». Vulture (på engelsk). Henta 31. juli 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga» frå Wikipedia på bokmål, den 14. august 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga på IMDb.no
- Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga på Filmfront.no
- Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga på Allocine.fr
- Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga på MovieMeter.nl
- Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga på AllMovie.com
- Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga på RottenTomatoes.com
- Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga på Metacritic.com