Hopp til innhald

Netflix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Netflix, Inc.


Org.formAksjeselskap
Skipa1997[1]
Morselskapingen
DotterselskapNetflix Animation
HovudkontorLos Gatos
LandUSA
ProduktNetflix recommender system, strømming, over-the-top media service
Grunnleggjar(ar)Reed Hastings
Tilsette2.180
Nettstadhttp://www.netflix.com/us

Netflix, Inc. er eit amerikansk multinasjonalt underholdningsselskap med hovudkontor i California. Netflix tilbyr DvD og streamingtjenester over fleire plattformer. Det vart etablert 29. august i 1997, og har i dag over 86 millionar abonnenter. Netflix har marknad i USA, Canada, store delar av Latin-Amerika og utover i Europa. I oktober 2016 vart det rapportert over 86 millionar brukarar verda over, inkludert over 47 millionar i USA.

Netflix starta med ei relativ låg abonnementspris. Filmar ein leidde vart sende med post til medlemmene og ein mottok ei ny film så snart ein sende tilbake dei ein hadde sett. Selskapet vart børsnotert for fyrste gong den 22. mai 2002, med 5 500 000 aksjar til 15 USD per stk. Ved børsnoteringa var det 600 000 medlemmer, ved enda av året, var medlemstalet auka til 4,2 millioner.

Ved avslutninga av året, hadde selskapet 12,3 millioner medlemmer, og i 2010 vart Netflix tilgjengeleg på Apple Ipad, Iphone og Ipod touch, Nintendo Wii og fleire andre internett-tilkoblede produkta. i 2007 introduserte Netflix streaming. Dimed kunne medlemmer sjå filmar og TV-seriar via internett uten å laste dei ned. Dette førte til at Netflix i perioden 2008-2009 innleia eit samarbeid med produsentar av forbrukerelektronikk for å kunne streame også gjennom andre einingar enn PC. Dette inkluderte etterkvart Xbox 360, Blu-ray spelarar, TV-mottakarboksar, Apple Macintosh- datamaskinar, PS3, Wii, Android og andre einingar.

Netflix vart lansert i Noreg ved midnatt den 17. oktober 2012.

Netflix Original

[endre | endre wikiteksten]

«Netflix Original» er innhald som er produsert, co-produsert eller distribuert av Netflix. Netflix finansierer dei opphavlege seriane annleis enn andre TV-nettverk når dei registrerer eit prosjekt, og dei bestiller umiddelbar to sesongar av dei fleste seriar. Selskapet begynte å produsera sine egne seriar i mars 2011. Den fyrste serien vart det politiske dramaet House of Cards som debuterte i februar 2013.

  1. «Netflix Management». Netflix. Henta 19. juli 2010.