Hopp til innhald

Erzurum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erzurum
by
Erzurum
Land  Tyrkia
Region Aust-Anatolia
Provins Erzurum
Høgd 1 900 moh.
Koordinatar 39°54′N 41°16′E / 39.9°N 41.27°E / 39.9; 41.27
Folketal 367 250
Borgarmeister Ahmet Küçükler
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Kart
Erzurum
39°54′35″N 41°16′32″E / 39.909722222222°N 41.275555555556°E / 39.909722222222; 41.275555555556
Kart som viser Erzurum.
Kart som viser Erzurum.
Kart som viser Erzurum.
Wikimedia Commons: Erzurum
Nettstad: www.erzurum-bld.gov.tr

Erzurum (vert òg kalla Erzerum, Arzrum; Arzen i antikken; Karin (Կարին) eller Garinarmensk; Theodosiupolis eller Theodosiopolis i Bysants) er ein by aust i Tyrkia. Han er den største byen og det administrative senteret i provinsen Erzurum. Byen ligg 1757 meter over havet og har kring 370 000 innbyggjarar. Namnet kjem frå persisk Arz-e Rum, «Romas grense». Byen har vore eit handelssenter i hundreår og var ein av stasjonene langs Silkevegen. Byen si historie går tilbake til heilt frå 4000 fvt.

Under den kalde krigen låg den søraustlege flybasen til NATO i Erzurum, som hadde kallenamnet «The Rock».

Byen hadde ein stor armensk folkesetnad fram til folkemordet på armenarane under første verdskrigen.

Erzurum arrangerte vinter-Universiaden i 2011. I samband med dette vart den første store hoppbakken i Tyrkia bygd.[1][2]

Erzurum har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dfb). Sommaren er kort, med særs varme dagar og kjølige netter. Maksimumstemperaturen i august er kring 28 ºC. Varmerekorden er 36,5 °C (97.7°F), den 31. juli 2000. Vintrane er særs kalde med ein normal minimumstemperatur i januar kring -16 °C. Temperaturen når som regel under -30 °C kvart år. Kulderekorden for byen er -37,2 °C, den 28. desember 2002.

Vêrdata for Erzurum
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 7,7 9,6 21,4 26,5 27,2 31 35,6 36,5 33,3 27 17,8 14 36,5
Gjennomsnittleg maks °C −4,4 −2,5 3 11,5 16,9 22 26,9 27,6 23,1 15,4 6,5 −1,3 12,1
Gjennomsnittleg min °C −15,5 −14,1 −7,6 −0,3 3,5 6,5 10,4 10,2 5,1 0,7 −5,1 −11,5 −1,5
Lågast målte °C −36 −37 −33,2 −22,4 −7,1 −5,6 −1,8 −1,1 −6,8 −14,1 −34,3 −37,2 −37,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 19,4 22,9 31,8 53,9 67,2 43,2 26,3 15,5 21,1 47,1 32,6 21,6 402,6
Gns. luftfukt (%) 79 78 76 67 62 58 52 48 49 64 74 80 66
Gns. solskinstimar i månaden 93 109,2 151,9 180 241,8 303 344,1 331,7 267 204,6 132 86,8 2 445,1
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]Weather2 [2]