Erzurum
Erzurum (vert òg kalla Erzerum, Arzrum; Arzen i antikken; Karin (Կարին) eller Garin på armensk; Theodosiupolis eller Theodosiopolis i Bysants) er ein by aust i Tyrkia. Han er den største byen og det administrative senteret i provinsen Erzurum. Byen ligg 1757 meter over havet og har kring 370 000 innbyggjarar. Namnet kjem frå persisk Arz-e Rum, «Romas grense». Byen har vore eit handelssenter i hundreår og var ein av stasjonene langs Silkevegen. Byen si historie går tilbake til heilt frå 4000 fvt.
Erzurum | |||
by | |||
Erzurum
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Aust-Anatolia | ||
Provins | Erzurum | ||
Høgd | 1 900 moh. | ||
Koordinatar | 39°54′N 41°16′E / 39.9°N 41.27°E | ||
Folketal | 367 250 | ||
Borgarmeister | Ahmet Küçükler | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Erzurum 39°54′35″N 41°16′32″E / 39.909722222222°N 41.275555555556°E | |||
Kart som viser Erzurum.
| |||
Wikimedia Commons: Erzurum | |||
Nettstad: www.erzurum-bld.gov.tr |
Under den kalde krigen låg den søraustlege flybasen til NATO i Erzurum, som hadde kallenamnet «The Rock».
Byen hadde ein stor armensk folkesetnad fram til folkemordet på armenarane under første verdskrigen.
Erzurum arrangerte vinter-Universiaden i 2011. I samband med dette vart den første store hoppbakken i Tyrkia bygd.[1][2]
Klima
endreErzurum har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dfb). Sommaren er kort, med særs varme dagar og kjølige netter. Maksimumstemperaturen i august er kring 28 ºC. Varmerekorden er 36,5 °C (97.7°F), den 31. juli 2000. Vintrane er særs kalde med ein normal minimumstemperatur i januar kring -16 °C. Temperaturen når som regel under -30 °C kvart år. Kulderekorden for byen er -37,2 °C, den 28. desember 2002.
Vêrdata for Erzurum | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 7,7 | 9,6 | 21,4 | 26,5 | 27,2 | 31 | 35,6 | 36,5 | 33,3 | 27 | 17,8 | 14 | 36,5 |
Gjennomsnittleg maks °C | −4,4 | −2,5 | 3 | 11,5 | 16,9 | 22 | 26,9 | 27,6 | 23,1 | 15,4 | 6,5 | −1,3 | 12,1 |
Gjennomsnittleg min °C | −15,5 | −14,1 | −7,6 | −0,3 | 3,5 | 6,5 | 10,4 | 10,2 | 5,1 | 0,7 | −5,1 | −11,5 | −1,5 |
Lågast målte °C | −36 | −37 | −33,2 | −22,4 | −7,1 | −5,6 | −1,8 | −1,1 | −6,8 | −14,1 | −34,3 | −37,2 | −37,2 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 19,4 | 22,9 | 31,8 | 53,9 | 67,2 | 43,2 | 26,3 | 15,5 | 21,1 | 47,1 | 32,6 | 21,6 | 402,6 |
Gns. luftfukt (%) | 79 | 78 | 76 | 67 | 62 | 58 | 52 | 48 | 49 | 64 | 74 | 80 | 66 |
Gns. solskinstimar i månaden | 93 | 109,2 | 151,9 | 180 | 241,8 | 303 | 344,1 | 331,7 | 267 | 204,6 | 132 | 86,8 | 2 445,1 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]Weather2 [2] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Erzurum» frå Wikipedia på bokmål, den 22. august 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erzurum Winter Universiade 2011
- ↑ Berkutschi Skijumping: Erzurum – Skijumping in Turkey Arkivert 2009-11-20 ved Wayback Machine. (14. oktober 2009)