Hopp til innhald

Erzincan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erzincan
by
Sentrum
Land  Tyrkia
Region Aust-Anatolia
Provins Erzincan
Høgd 1 185 moh.
Koordinatar 39°45′N 39°29′E / 39.750°N 39.483°E / 39.750; 39.483
Areal 1 622 km²
Folketal 102 173 [1]
Folketettleik 63 / km²
Borgarmeister Yüksel Çakır
Kart
Erzincan
39°44′47″N 39°29′29″E / 39.746388888889°N 39.491388888889°E / 39.746388888889; 39.491388888889
Kart som viser Erzincan.
Kart som viser Erzincan.
Kart som viser Erzincan.
Wikimedia Commons: Erzincan
Nettstad: www.erzincan.bel.tr

Erzincan (armensk Երզնկա Yerznga; arabisk ارزينجان, òg av austromarane kalla Celtzene og Acilisene til romarane) er administrasjonssenter i Erzincan aust i Tyrkia. Nærliggande byar er Erzurum, Sivas, Tunceli, Bingöl, Elazığ, Malatya, Gümüşhane, Bayburt og Giresun. Byen ligg 1185 meter over havet og har kring 100 000 innbyggjarar.

Byen er kjend for handlaga koparvarer og ein spesiell ost kalla «Tulum Peyniri».

Erzincan har eit kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dsa) med særs kalde, snørike vintrar og varme og tørre somrar. Våren er den våtaste tida på året, medan sommaren er den tørraste.

Vêrdata for Erzincan
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 14 17,2 25,2 30 32,5 35 40,6 40,2 36,6 30,8 22,5 19 40,6
Gjennomsnittleg maks °C 1,9 3,9 9,9 16,8 22 26,9 31,5 31,9 27,4 19,8 11,5 4,5 17,3
Gjennomsnittleg min °C −6,5 −5,1 −0,4 5,2 8,9 12,5 15,8 15,5 10,8 6 0,6 −3,5 5
Lågast målte °C −24,4 −25,2 −22,4 −8,2 −0,4 4,2 5 6,4 0,9 −5,4 −11 −25 −25,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 26,1 29,6 41,8 54,1 53,2 29,2 9,8 7,4 15,6 46,7 40,9 28,2 382,6
Gns. solskinstimar i månaden 89,9 106,4 158,1 171 226,3 288 328,6 310 261 192,2 126 74,4 2 331,9
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2]