Hopp til innhald

Durdle Door

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Durdle Door
naturleg boge
Land  Storbritannia
Kart
Durdle Door
50°37′16″N 2°16′36″W / 50.621111111111°N 2.2766666666667°W / 50.621111111111; -2.2766666666667
Wikimedia Commons: Durdle Door

Durdle Door er ein naturleg kalksteinbogeJurassic Coast nær Lulworth i Dorset i England.[1] Han er i privateiget til familien Welds, som eig 50 km² i Dorset under namnet Lulworth Estate,[2] men er open for allmugen. Namnet «Durdle» kjem av det gamle engelske ord thirl, som betyr 'boring' eller 'å bora'.[3]

Durdle Door

Det er blitt spelt inn fleire filmar her, mellom anna Nanny McPhee og Wilde. Staden er òg blitt brukt til musikkvideoar som «Shout» av Tears for Fears og «Saviour's Day» av Cliff Richard.

Durdle Door ligg langs turstien South West Coast Path. Ein kan nå stranda til fots via ein sti og ei trapp.[4] Man of War Bay ligg like vest for bogen. Også denne har kalksteinsformasjonar kjende som Man O'War Rocks.[5] I vest ligg det ei rekkje av små kalksteinskjer kjende som The Bull, The Blind Cow, The Cow og The Calf.[5]

  1. West, I.W., 2003. "Durdle Door; Geology of the Dorset Coast Arkivert 7. mars 2012 ved Wayback Machine.. Southampton University, UK. Version H.07.09.03.
  2. «The Purbeck Gazette». Henta 6. april 2012. [daud lenkje]
  3. «Durdle Door». worldheritagecoast.net. Arkivert frå originalen 5. juli 2012. Henta 8. august 2013. 
  4. «Durdle Door - Visit Dorset», www.visit-dorset.com (på engelsk), henta 24. mars 2022 
  5. 5,0 5,1 Ian West. «Durdle Door, West of Lulworth Cove, Dorset. Geology of the Wessex Coast of Southern England». Henta 10. august 2013.