Hopp til innhald

Donetsk i Ukraina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om byen i Ukraina. For byen i Russland, sjå Donetsk i Russland.
Donetsk
ukrainsk Донецьк, russisk Доне́цк
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Donetsk oblast
Rajon Donetsk kommune
Høgd 169 moh.
Koordinatar 48°00′10″N 37°48′19″E / 48.00278°N 37.80528°E / 48.00278; 37.80528
Areal 358 km²
Folketal 975 959  (2011)
 - storby 2 009 700
Folketettleik 2 726 / km²
Grunnlagd 1869
 •  Byrettar 1917
Borgarmeister Oleksandr Lukiantsjenko
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 83000 — 83497
Retningsnummer +380 622, 623
Bilnummer АН
Kart
Donetsk
48°00′32″N 37°48′15″E / 48.008888888889°N 37.804166666667°E / 48.008888888889; 37.804166666667
Kart som viser Donetsk i Ukraina.
Kart som viser Donetsk i Ukraina.
Kart som viser Donetsk i Ukraina.
Wikimedia Commons: Donetsk

Donetsk (ukrainsk Донецьк, russisk Доне́цк), tidlegare Juzovka, Staline, Stalino, er ein stor by aust i Ukraina ved elva Kalmius. Etter folketeljinga i 2001 er det den femte største byen i Ukraina,[1] rett bak Dnipropetrovsk og Odessa. Byen er hovudstad og delar namn med Ukrainas mest folkerike oblast. Sidan 2014 er han kontrollert av den såkalla folkerepublikken Donetsk, der han er hovudstad.

Den walisiske forretningsmannen John Hughes tufta eit stålverk og kolgruver her i 1869, og byen vart opphavleg kalla Juzovka (Юзовка) etter Hughes. I sovjettida vart stålindustri i byen utvida. I 1924–1931 fekk byen namnet Stalino (Сталино), etter Josef Stalin, men under destaliniseringa endra han igjen namn til Donetsk, etter elva Donets, som renn gjennom byen. I 1932 vart byen senteret i Donetsk oblast. I dag er byen framleis eit stort kol- og stålsenter i Ukraina.

Administrativt er han sentrum i Donetsk oblast, medan han historisk var uoffisiell hovudstad og den største byen i den store økonomiske og kulturelle regionen Donetsbekkenet (Donbass). Donetsk er eit stort senter for økønomi, industri og vitskap i Ukraina med mange føretak og kompetansearbeidarar.

Sidetippar nær Kalmius. I bakgrunnen Tsjervonohvardiyskyj rajon.

Donetsk var ein av dei ukrainske vertskapsbyane for UEFA Euro 2012.

Geografi og klima

[endre | endre wikiteksten]

Donetsk ligg i steppelandskapet i Ukraina, omgjeve av spreidde skogområde, åsar (sidetippar), elvar og innsjøar. Like nord for byen er det jordbruksområde. Azovhavet ligg 95 km sør for Donetsk og er eit populært fritidsområde for innbyggjarane i Donetsk. Eit stort jordbruksområde ligg kring byen .

Byen strekkjer seg 28 km frå nord til sør og 55 km frå aust til vest. To vassreservoar ligg nær byen og fem elvar renn gjennom byen, mellom anna Kalmius.

Donetsk har eit moderat kontinentalklima.[2] Middeltemperaturen er −5 °С i januar og 18 °С i juni. Det er i snitt 162 nedbørsdagar i året og årsnedbøren er 556 millimeter.[2]

Vêrdata for Donetsk 1981–2010
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 12,2 16 21,3 31 34,6 38 37,8 39,1 33,9 32,7 20,5 15 39,1
Gjennomsnittleg maks °C −1,3 −0,9 5,3 14,5 20,9 24,8 27,3 26,8 20,7 13,1 4,7 −0,3 13
Døgnmiddeltemperatur °C −4,1 −4,1 1,3 9,4 15,4 19,3 21,6 20,8 15,1 8,5 1,6 −2,9 8,5
Gjennomsnittleg min °C −6,7 −7 −2,1 4,6 10 13,8 15,9 15 10 4,5 −1,1 −5,4 4,3
Lågast målte °C −32,2 −31,1 −21 −10,6 −2,4 2,1 6 2,2 −6 −10 −22,2 −28,5 −32,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 37 32 34 38 46 65 51 37 36 37 38 41 492
Gns. dagar med regn 11 8 10 13 13 14 11 8 11 11 13 11 134
Kjelde: Pogoda.ru.net[3]


  1. Всеукраїнський перепис населення 2001 | English version | Results | General results of the census | Number of cities Arkivert 2006-01-09 ved Wayback Machine., henta 19. mai 2009
  2. 2,0 2,1 «Weather in Donetsk». rospogoda.ru (på russisk). Arkivert frå originalen 28. september 2007. Henta 9. september 2012. 
  3. «Pogoda.ru.net» (på russisk). May 2011. Henta 21 April 2012.