Dmitrij Ivanovitsj Mendelejev (8. februar1834–20. januar1907) var ein russiskkjemikar som er mest kjend for å ha vore ein av to som laga det første utkastet til periodesystemet (1869). I motsetnad til andre medverkande personar til periodesystemet klarte Mendelejev å føresjå eigenskapane til grunnstoff som enno ikkje hadde vorte oppdaga. I fleire tilfelle sette han òg spørsmålsteikn ved om dei aksepterte atomvektene var riktige på bakgrunn av at dei ikkje samsvarte med dei lovene ein kjende til.
Han gjorde mange kjemiske forsøk og fann ut korleis dei ulike grunnstoffa oppførte seg. Mange hadde like eigenskapar, fann han ut.
I februar 1869 sat Mendelejev og arbeidde med ei lærebok. Han mådde gjere det lett å få oversyn over dei 65 grunnstoffa.
Han sorterte dei etter kor tunge atom dei hadde. Han oppdaga da at han kunne plassere dei i eit slags rutemønster der dei med like eigenskapar kom under kvarandre. Han kalla denne tabellen for Det periodiske systemet.