Dødt språk
Utsjånad
Latin is a dead language
Anonym skuleelev
|
Dødt språk er eit omgrep ein kan bruka for eit utdøydd språk som framleis blir nytta i visse samanhengar. Språket blir rekna som «dødt» fordi det ikkje blir nytta i spontan tale og dermed ikkje lenger går gjennom den naturlege språkutviklinga ein finn i levande språk.
Døde språk blir nytta fordi dei speler ei rolle i visse samanhengar, til dømes til religionsutøving, som skriftspråk i samband med utdanning, vitskap og liknande, eller som eit fastsett standardspråk brukt til særskilde høve. Ein del slike døde språk blir kalla klassiske språk.
Kjende døde språk
[endre | endre wikiteksten]Språk | Døydde ut | Seinare bruk |
---|---|---|
Gammalgresk | 300-talet f.Kr. | Utdanning fram til våre dagar, brukt i biologisk nomenklatur |
Gammalhebraisk | ca. 200 | Liturgisk språk i jødedommen; gjenoppliva rundt 1900 som moderne hebraisk |
Gammalsyrisk | 1300-talet | Liturgisk språk i den syriske kyrkja |
Klassisk arabisk | 800-talet | Liturgisk språk i islam, forløpar for moderne standard arabisk |
Klassisk kinesisk | ca. 200 | Litterært språk i Aust-Asia fram til 1900-talet |
Koiné | ca. 300 | Liturgisk språk i den gresk-ortodokse kyrkja fram til våre dagar |
Koptisk | ca. 1500-talet | Liturgisk språk i den koptiske kyrkja fram til våre dagar |
Kyrkjeslavisk | Aldri eit talespråk; litterært språk fram til 1700-talet | Liturgisk språk i slaviske ortodokse kyrkjer som den russisk-ortodokse kyrkja fram til våre dagar |
Latin | ca. 600[2] | Utdanning fram til våre dagar, brukt i biologisk nomenklatur, liturgisk språk i den katolske kyrkja fram til våre dagar |
Pali | ca. 300-talet[3] | Liturgisk språk i theravada-buddhismen fram til våre dagar |
Sanskrit | ca. 1100-talet[4] | Liturgisk språk i hinduismen fram til våre dagar |
Sumerisk | 2000 f.Kr. | Brukt av skriftlærde i Assyria og Babylonia fram til ca. 500 f.Kr.[5] |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ann Landers, [http://articles.chicagotribune.com/1995-08-07/features/9508070002_1_dead-language-latin-book-latin-in-high-school «A Lively Discussion Of A `Dead Language'», Chicago Tribune, August 07, 1995
- ↑ Vibeke Roggen m.fl.: Antikkens kultur (s. 185), forlaget Aschehoug, Oslo 2010, ISBN 978-82-03-33743-7 (Oppegjeve av Wikipedia på bokmål
- ↑ «Pali», Christus Rex, Inc.
- ↑ Sheldon Pollock (2001), «The Death of Sanskrit» (PDF), Comparative Studies in Society and History 43 (2): 392–426, doi:10.1017/S001041750100353X
- ↑ Atle Rønning, «Gjør døde språk levende», forskning.no, 06. september 2009
- døde språk i Store norske leksikon.