Cangzhou


Cangzhou (forenkla kinesisk: 沧州; tradisjonell kinesisk: 滄州; pinyin: Cāngzhōu) er eit byprefektur i provinsen Hebei i Kina, ved Gulehavet. Prefekturet har eit areal på 13 419 km² og 7 134 053 innbyggjarar i 2010. 514 074 menneske budde i sjølve byen. Cangzhou grensar til provinsen Shandong i sør, og til byprovinsen Tianjin i nord.
Byprefekturet Cangzhou omfattar to distrikt (区 qū), fire byfylke (市 shì), ni fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Cangzhou er kjend for ei gamal støypejarnsstatue som framstiller ei løve. Statuen vart laga i år 953, under Song-dynastiet.
Næring
[endre | endre wikiteksten]Administrasjonsbyen Cangzhou er sterkt industrialisert. Mykje av byprefekturet elles har store jordbruksområde, i Kina kjende for sine kinesiske jujubær og Ya-pærer. Også eit stort oljefelt ligg i prefekturet.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Snøggtoget på Beijing-Shanghai-ruta har stoppestad i Cangzhou. Også den viktige jarnbanelinja Jinghubana har stoppestad her.
Kinas riksveg 104 og Kinas riksveg 105 går begge gjennom Cangzhou. Dei tek til i Beijing, fører sørover og deler seg etter Dezhou. Riksvei 104 held fram til Jinan i Shandong, vidare til Xuzhou, Nanjing, Hangzhou og Wenzhou før han endar i Fuzhou, medan riksveg 105 fører til Jining i Shandong, Shangqiu, Jiujiang, Nanchang og Guangzhou og endar opp i Zhuhai. Også Kinas riksveg 307 passerer gjennom prefekturet. Han tek til i Qikou i Hebei og fører gjennom provinsane Shanxi og Shaanxi til Yinchuan i den autonome regionen Ningxia Hui.
Cangzhou har ei stor fiskerihamn og kolutskipingshamna Huanghua.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cangzhou» frå Wikipedia på bokmål, den 28. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Cangzhou» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2012.