Bokbål
Eit bokbål er ein seremoni eller aksjon der bøker vert brente, ofte som ein politisk eller religiøs handling eller ytring. Bokbål kan òg vera uttrykk for meiningssensur i diktatur eller gjennomførast som eit anslag mot «moralsk forfall», «vestleg ytringsfridom» eller andre ikkje-ønskelege tendensar og meiningar. Brenning av bøker gjev i vår tid særleg assosiasjonar til nasjonalsosialistiske bokbål i Hitler-Tyskland.
Offentleg brenning av bøker vert òg kalla autodafé, oppkalla etter den spanske og portugisiske inkvisisjonen sin seremonielle «troshandlinger» , offentlege domsavseiingar og avrettingar av kjettarar, som vart gjort fram til 1700-talet.
Bokbål i historia (utval)
[endre | endre wikiteksten]- 212 f.Kr.: Keisar Qin Shi Huangdi av Kina brann historie- og filosofibøker
- 10. mai 1933: Nasjonalsosialistenes bokbrenning på Opernplatz i Berlin då blant andre bøkar av Heinrich Mann, Erich Maria Remarque, Karl Marx, Heinrich Heine, Ernst Bloch, Erich Kästner, Hans Bötticher og Sigmund Freud vart brunne.
- Januar 2002: Amerikanske kristne oppfordrar til bokbål av barnebøkene om Harry Pottar.
- I 2010 fekk den amerikanske pastoren og islam-kritikaren Terry Jones stor mediemerksemd då han truga med å brenna 200 eksemplar av Koranen i ei markering av terroråtaka 11. september 2001. Planane vakte internasjonale protestar og opptøyar med fleire dødsfall. 20. mars 2011 og 28. april 2012 gjennomførte han Koran-brenningar, og fleire titals personar vart drepne i dei valdelege protestane som oppstod i visse muslimske grupper etterpå.
- 22. februar 2012 brann amerikanske soldatar ved Bagram Air Base i Afghanistan fleire islamske skrifter, mellom dei eksemplar av Koranen, som del av ein opprydding. Hendinga førte til internasjonale protestar og over 40 dødsfall.
Bokbål i Noreg
[endre | endre wikiteksten]I 1997 brann Olav Torheims humoristiske mediastunt «Volda Militante Målungdom» skolebøker på bokmål i protest mot bokmålsdominansen i samfunnet.
I 2005 brann den unge Høgre-politikaren Harald Victor Hove ein nynorskordliste i protest mot obligatorisk opplæring i sidemål på skulen. Brenninga vart filma for bruk i ein reklamefilm på internett, men vart ikkje publisert på grunn av mykje negativ medieoppslag.
I mars 2006 brann komikeren Otto Jespersen fleire bøker i Ålesund for eit innslag i fjernsynsprogrammet Rikets røst. Innslaget var blant anna ein protest mot Jantelovens sterke stilling i Ålesund. Han brann blant anna Aksel Sandemose si bok En flyktning krysser sitt spor, bøker av Ari Behn og Märtha Louise, falske tusenlappar og Bibelen. Ordføraren i Ålesund, Arve Tonnig, var òg med på bokbålet, men reagerte då Bibelen skulle brennast. Jespersen reiv då ut Det gamle testamentet og heiv det på bålet. Jespersen har òg uttrykt at han hadde lyst til å brenna Koranen, men hadde problem med å få tak i ei utgåve.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bokbål» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mai 2018.