Autodafé
Utsjånad
Ein autodafé (gjennom port. auto-da-fé frå lat. actus de fide, ‘trushandling’) var den avsluttande, offentlege delen av ein rettssak mot mistenkte kjettarar, inkludert mistenkte kryptojødar, utført av Den spanske inkvisisjonen (1481–1834) og Den portugisiske inkvisisjonen (1536–1821). Under autodaféen vart dei tiltalte anten dømde eller frikjende, og dei dømde vart ofte avstraffa på staden. Levande brenning var vanleg avrettingsmåte.
Ordet autodafé kan òg brukast om offentleg brenning av skrift og bøker.