Bartolomeu Dias
Bartolomeu Dias | |
Statsborgarskap | Kongedømet Portugal |
Fødd | ca. 1450-åra Algarve |
Død | |
Yrke | oppdagar |
Språk | portugisisk |
Bartolomeu Dias på Commons |
Bartolomeu Dias (ca. 1450–ca. 29. mai 1500) var ein portugisisk sjøfarar, kjend som den moderne oppdagaren av Kapp det gode håp og sjøvegen rundt Afrika.
Reiser
[endre | endre wikiteksten]Dias var riddar ved det portugisiske hoffet og hadde tilsyn med dei kongelege lagera. 10. oktober 1486 fekk han i oppdrag av kong João II av Portugal å leia ein ekspedisjon rundt sørspissen av Afrika for å finna sjøvegen til India (Asia). Han styrte karavellen «São Cristóvão» med Pêro de Alenquer som los. João Infante og losen Alvaro Martins styrte ein annan karavell, «São Pantaleão», og bror til Bartolomeu, Pêro Dias, var kaptein på eit tredje støtteskip.
Turen tok til i 1487 med stopp ved det portugisiske fortet Sao Jorge de Mina på Gullkysten (no Ghana) i Vest-Afrika for å få proviant. Skipa nådde Golfo da Conceicão (no Walvis Bay i Angola) i desember. Ekspedisjonen runda Kapp det gode håp med svært stor margin og nådde nådde ei bukt Dias kalla Aguada de São Brás (no Mossel Bay i Sør-Afrika) den 3. februar 1488. Dei snudde etter påtrykk frå mannskapet etter å ha nådd Kwaaihoek den 12. mars 1488. På tilbakevegen, i mai, såg dei Kapp det gode håp. Dei kom tilbake til Portugal etter 16 månader.
Dias og seglfolka hans var dei første europearane sidan antikken som hadde runda Kapp det gode håp. Sjølv døypte Dias odden for «Stormkapp» (Cabo Tormentoso). Kong João II døypte han seinare om til «Kapp det gode håp» (Cabo da Boa Esperança) som skulle visa til at ein etter å ha sigla forbi hadde god von om å nå India.
Seinare hjelpte Dias til med å laga skipa «São Gabriel» og «São Rafael» som Vasco da Gama skulle bruka for å sigla heile vegen til India. Bartolomeu Dias blei sjølv med på første delen av turen, men forlét ekspedisjonen på Kapp Verde-øyane.
Bartolomeu og broren Diogo Dias deltok i ein ekspedisjon leia av Pedro Álvares Cabral til Brasil i 1500. På tilbakevegen vart skipet hans teke av ein storm då ekspedisjonen passerte Kapp det gode håp. Skipet til Dias blei teke 29. mai, og han kan ha døydd då eller noko seinare.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Bartolomeu Dias (Ernst Georg Ravenstein, William Brooks Greenlee, Pero Vaz de Caminha) 2010
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bartolomeu Dias» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2010.