Arnold Schwarzenegger
Arnold Alois Schwarzenegger (fødd 30. juli 1947) er ein austerriksk-amerikansk kroppsbyggjar, skodespelar og politikar. Frå 17. november 2003 til 3. januar 2011 var han guvernør i California i USA, der han er busett. Han har både austerriksk og amerikansk statsborgarskap.
Guvernør i California
[endre | endre wikiteksten]Arnold Schwarzenegger vart vald til guvernør i California den 8. oktober 2003 etter at eit opprop mot den sitjande guvernøren Gray Davis skaffa nok underskrifter til å skriva ut nyval. Schwarzenegger stilte til val som republikanar. Resultatet vart at 55,4 % av veljarane røysta for å kasta Davis, og at 48,6 % røysta for at Schwarzenegger skulle koma i staden.
Som guvernør kom Schwarzenegger i konflikt med delstatsforsamlinga i California, som hadde overvekt av demokratar i båe kammera, mellom anna kalla han dei demokratiske politikarane for «girlie men» («jentemenn»). I 2005 gjekk Schwarzenegger på eit nederlag då fire lovforslag frå han var oppe til folkerøysting og alle fire vart nedsrøysta. Etter dette nederlaget gjekk Schwarzenegger inn mot det politiske sentrumet og la seg på ei ny line med mindre konfrontasjon ovanfor delstatsforsamlinga. Han tilsette ein demokrat, Susan Kennedy, som leiar for staben sin. Ved det ordinære guvernørvalet i november 2006 hadde Schwarzenegger vunne att mykje av tillita mellom veljarane og han slo motkandidaten Phil Angelides, finansminister i California, med 56 % av røystene.
Schwarzenegger vert rekna til den liberale fløya mellom republikanarane, og har som guvernør engasjert seg sterkt for miljøvern og reduksjon i klimautslepp.
Det har vorte spekulert i om nokre av republikanarane vil ha Schwarzenegger som ein framtidig presidentkandidat, men då er det kravd eit grunnlovsbrigde, sidan Schwarzenegger ikkje er fødd i USA. Han er dobbelt austerriksk og amerikansk statsborgar, den amerikanske statsborgarskapen fekk han i 1983. I 2008 var han aktiv i valkampen for den republikanske presidentkandidaten John McCain.
Kroppsbyggjar
[endre | endre wikiteksten]Han har teke del i 22 kroppsbyggingskonkurransar og vunne Mr. Universe fem gonger og Mr. Olympia sju gonger. Då det var lovleg brukte han anabole steroidar.
År | Tittel | Stad | Plass |
---|---|---|---|
1965 | Junior Mr. Europe | Tyskland | 1 |
1966 | Best Built Man of Europe | Tyskland | 1 |
1966 | Mr. Europe | Tyskland | 1 |
1966 | International Powerlifting Championship | Tyskland | 1 |
1966 | NABBA Mr. Universe amateur | Storbritannia | 2 |
1967 | NABBA Mr. Universe amateur | Storbritannia | 1 |
1968 | NABBA Mr. Universe professional | Storbritannia | 1 |
1968 | German Powerlifting Championship | Tyskland | 1 |
1968 | IFBB Mr. International | Mexico | 1 |
1968 | IFBB Mr. Universe | USA | 2 |
1969 | IFBB Mr. Universe | USA | 1 |
1969 | NABBA Mr. Universe professional | Storbritannia | 1 |
1969 | Mr. Olympia | USA | 2 |
1970 | NABBA Mr. Universe professional | Storbritannia | 1 |
1970 | Mr. World | USA | 1 |
1970 | Mr. Olympia | USA | 1 |
1971 | Mr. Olympia | Frankrike | 1 |
1972 | Mr. Olympia | Tyskland | 1 |
1973 | Mr. Olympia | USA | 1 |
1974 | Mr. Olympia | USA | 1 |
1975 | Mr. Olympia | Sør-Afrika | 1 |
1980 | Mr. Olympia | Australia | 1 |
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Faren til Schwarzenegger, Gustav Schwarzenegger, var politisjef (gendarmerikommandant).
26. april 1986 gifte Schwarzenegger seg med TV-journalisten Maria Shriver, niese av den tidlegare amerikanske presidenten John F. Kennedy, i Hyannis i Massachusetts. Presten Rev. John Baptist Riordan utførte viinga i St. Francis Xavier Roman Catholic Church.
Paret har fire born:
- Katherine Eunice Schwarzenegger, fødd 13. desember 1989
- Christina Maria Aurelia Schwarzenegger, fødd 23. juli 1991
- Patrick Arnold Schwarzenegger, fødd 18. september 1993
- Christopher Sargent Shriver Schwarzenegger, fødd 27. september 1997
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]- 1970: Hercules in New York
- 1973: The Long Goodbye
- 1974: Happy Anniversary and Goodbye
- 1976: Stay Hungry
- 1977: Pumping Iron
- 1979: The Villain
- 1979: Scavenger Hunt
- 1980: The Jayne Mansfield Story
- 1982: Conan the Barbarian
- 1984: Conan ødeleggeren
- 1984: The Terminator
- 1985: Red Sonja
- 1985: Commando
- 1986: Raw Deal
- 1987: Predator
- 1987: The Running Man
- 1988: Red Heat
- 1988: Twins
- 1990: Total Recall
- 1990: Kindergarten Cop
- 1991: Terminator 2: Judgment Day
- 1993: Last Action Hero
- 1994: True Lies
- 1994: Junior
- 1994: Beretta's Island
- 1996: Jingle All the Way
- 1996: Eraser
- 1997: Batman & Robin
- 1999: End of Days
- 2000: The 6th Day
- 2001: Dr. Dolittle 2
- 2002: Collateral Damage
- 2003: The Rundown
- 2003: Terminator 3: Rise of the Machines
- 2004: Around the World in 80 Days
- 2005: The Kid & I
- 2008: Crood Awakening
- 2009: Terminator Salvation
- 2010: The Expendables