Antonio Cabrini
Cabrini i 2006 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Antonio Cabrini | ||
Fødselsdato | 8. oktober 1957 (67 år) | ||
Fødestad | Cremona i Italia | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Venstreback | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1973–1975 | Cremonese | 29 | (2) |
1975–1976 | Atalanta | 35 | (1) |
1976–1989 | Juventus | 297 | (33) |
1989–1991 | Bologna | 55 | (2) |
Totalt | 435 | (38) | |
Landslag | |||
1976–1987 | Italia | 73 | (9) |
Trenar for | |||
2000–2001 | Arezzo | ||
2001 | Crotone | ||
2004–2005 | Pisa | ||
2005–2006 | Novara | ||
2012-2017 | Italia (kvinner) | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Antonio Cabrini (fødd 8. oktober 1957) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Cremona i Italia. Han spela venstreback på Italia sitt vinnarlag i VM i fotball 1982. Cabrini spela 13 sesongar for Juventus, og var med på å vinne alle dei tre europeiske fotballturneringane, samt seks seriemeisterskap og to cupmeisterskap i Italia.
Han var landslagstrenar for Italia sitt kvinnelandslag i fotball frå 2012 til 2017.[1][2]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Cabrini debuterte for den italienske tredjenivå-klubben Cremonese i 1973/74-sesongen. Sommaren 1975 fekk han proffkontrakt med Serie B-klubben Atalanta i Bergamo, der han spela ein sesong. Sommaren 1976 gjekk Cabrini over til toppklubben Juventus. Dei neste tretten sesongane spela han 297 kampar og skåra 33 mål for klubben frå Torino. Han var med å vinne det som var av viktige turneringar; den italienske Serie A seks gongar mellom 1977 og 1986, UEFA-cupen 1977, den italienske fotballcupen to gongar, Cupvinnarcupen 1984 og Europacupen 1985. Sommaren 1989 vart han overført til Bologna, der han spela to sesongar før han la opp i 1991.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Cabrini debuterte på Italia sitt landslag i laget sin opningskamp under VM i fotball 1978 i Argentina, mot Frankrike. Dei neste ni åra var han fast på venstrebackplassen til Italia. VM 1978 enda med Italia på fjerdeplassen, etter tap mot Brasil i bronsekampen. Ny bronsefinale vart det under EM i fotball 1980 på heimebane, med Tsjekkoslovakia som motstandar. Atter vart det italiensk tap, no 8-9 etter straffeskyting.
I VM i fotball 1982 i Spania spela Italia seg fram til finalen, der laget møtte Vest-Tyskland. Midtvegs i fyrste omgangen fekk Italia straffespark, på stillinga 0-0. Cabrini tok straffa, og bomma, han vart då den fyrste straffeeksekutøren som missa på eit straffespark i ein VM-finale. Italia vann likevel finalen med resultatet 3-1.
VM i fotball 1986 vart Cabrini si siste store turnering. Italia rauk ut i åttedelsfinalen etter 0-2 mot Frankrike. Cabrini spela sin 73. og siste landskamp for det italienske landslaget i oktober 1987 i ein EM-kvalfiseringskamp mot Sveits. Han skåra i alt ni landslagsmål, noko som den gongen var rekord for ein italiensk forsvarsspelar.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- VM-gull 1982 for Italia
- Vinnar av Europacupen 1985 med Juventus
- Vinnar av Cupvinnarcupen 1984 med Juventus
- Vinnar av UEFA-cupen 1977 med Juventus
- Italiensk seriemeister 1977, 1978, 1981, 1982, 1984 og 1986 med Juventus
- Italiensk cupmeister 1979 og 1983 med Juventus
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Antonio Cabrini på FIFA sin offisielle nettstad
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «È Cabrini il nuovo allenatore: "Grazie alla Figc, grande opportunità"» (på italiensk). 14 May 2012. Arkivert frå originalen 18. mai 2012. Henta 18. juni 2018.
- ↑ «Annunciati i nuovi tecnici delle Nazionali: all'U.21 confermato Di Biagio, Bertolini alla Femminile» (på italiensk). 4. august 2017. Arkivert frå originalen 15. juni 2018. Henta 18. juni 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Antonio Cabrini» frå Wikipedia på tysk, den 28. juni 2012.