Hopp til innhald

Ameland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ameland
It Amelân
kommune
Satellittbilete av Ameland.
Flagg
Våpenskjold
Land  Nederland
Provins Friesland
Areal 268,50 km²
Folketal 3 746 (1. januar 2021)[1]
Kart
Ameland
53°27′01″N 5°45′13″E / 53.4503°N 5.7536°E / 53.4503; 5.7536
Kart som viser Ameland.
Kart som viser Ameland.
Kart som viser Ameland.
Wikimedia Commons: Ameland

Ameland (vestfrisisk It Amelân) er ein kommune og ei øy i Dei vestfrisiske øyane utanfor kysten av Nederland. Ho består stort sett av sanddyner. Det går ferje frå Holwerd på fastlandet til øya.

Det automatiserte fyrtårnet på Ameland.

Øya vart først nemnd som Ambla på 700-talet og betalte skatt til grevskapet Holland fram til 1424 då Ritske Jelmera erklærte øya for eit friherskap (vrijheerschap).

Sjølv om Holland, Friesland og Det tysk-romerske riket slost mot dette sjølvstendet, vart ho verande eit friherskap fram til familien Cammingha døydde ut i 1708. Etter dette vart den frisiske statthaldaren Johan Willem Friso av Orange-Nassau herre over Ameland og etter han sonen hans, som var statthaldar for heile Nederland, Vilhelm IV av Orange, og barnebarnet Vilhelm V av Orange.

Berre i grunnlova frå 1813 vart øya endeleg ein del av Nederland (provinsen Friesland). Dei nederlandske kongane og dronningane har framleis tittelen Vrijheer van Ameland i dag.

I 1940 vart øya okkupert av Tyskland og sidan ho var av liten militær verdi invaderte dei allierte aldri øya. Dei tyske styrkane vart derfor verande på øya fram til 2. juni 1945, nesten ein månad etter Nazi-Tyskland kapitulerte.

Ameland er den einaste av dei frisiske øyane som det ikkje blir tala frisisk på i dag. Grunnen kan vera at det har vore stort nederlandsk nærvær på øya gjennom tidene.

Ameland er som dei andre frisiske øyane eit populært turistmål. Turistane er hovudsakleg frå andre delar av Nederland og frå Tyskland.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ameland