X
- Denne artikkelen handlar om bokstaven X. For nettsamfunnet, sjå Twitter. For systemprogramvara, sjå X Window System.
X | |||
| |||
| |||
Bruk | |||
---|---|---|---|
Skriftsystem | Latinsk skrift | ||
Type | Alfabet | ||
Fonetisk bruk | [x] [χ] [ħ] [kʰ] [ks] [ʃ] [ɕ] [tʼ] [ʒ] [ɗ] [ʔ] [ǁ] /ɡʒ/[a] [kʃ] [d͡z] [sʲ] [z] [gz] [Ø] /ɛks/ | ||
Unicode | U+0058, U+0078 | ||
Plass i alfabetet | Talverdi: 24 | ||
Historie | |||
Utvikling | |||
Tidsperiode | ~-700 til no | ||
Etterkomarar | • × • ⨘ • ⨉ • ⨯ • ✗ • ☒ • ꭓ • X̧ | ||
Slektningar | Х 𐍇 Ⴕ ქ Ⴟ ჯ | ||
Anna | |||
Tilknytte tal | 24 | ||
Skriveretning | Venstre til høgre |
X er den tjuefjerde bokstaven i det latinske alfabetet.[1] Han blir uttala /ɛks/, medan han i internasjonal lydskrift står for ein ustemd velar frikativ (strupelyden sist i Bach eller loch). I det kinesiske pinyin-systemet står han for ein sj-lyd med tunga framme i munnen, /ɕ/.
I NATO sitt fonetiske alfabetet melder ein X som X-ray.
I mange språk, til dømes italiensk og norsk, er bokstaven ikkje i bruk i eigne, heimelaga ord. Derimot kan ein finna han i lånord og namn av utanlandsk opphav.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Gresk xi | Gresk chi | ||
---|---|---|---|
Fønikisk S | Egyptisk djed | ||
|
Dei tidlege vestgrekarane brukte bokstaven χ, khi, for lyden /ks/. Austgrekarane og seinare heile det greske skriftspråket let denne bokstaven stå for lyden /kʰ/. I skriftspråk som er påverka av austgrekarane, som aserbadsjansk, tatarsk, usbekisk og lojban står X for strupelyden /x/. I det etruskiske og det seinare latinske alfabetet fortsette ein dermed den tidlegare vestgreske bruken.
Det er omstridd om bokstavane khi og xi er greske oppfinningar eller om dei har semittisk opphav. Khi var plassert mot slutten av det greske alfabetet, etter dei semittiske bokstavane, noko som tyder på at han var ei seinare utvikling. Det finst heller ingen semittisk lyd som svarar direkte til /ks/.
Ein reknar gjerne den fønikiske bokstaven samekh (uttalt /s/) som inspirasjon for gresk xi. Khi har ei ulik utforming frå denne bokstaven, men han kan og ha vore inspirert av samekh. Den opphavlege forma for samekh kan ha vore den egyptiske hieroglyfen for djed-søylen, men dette er og usikkert, ettersom ein ikkje har dokumentert nokre former imellom denne og den fønikiske bokstaven.
X kan stå for
[endre | endre wikiteksten]- ukjend, både i matematiske likningar og i spaningsforteljingar (t.d. «Prosjekt X»)
- ein tenkt planet X med bane utanfor Pluto.
- eit tapt etternamn. Medlemmer i Nation of Islam, som Malcolm X, har brukt bokstaven for å visa til kulturen dei mista gjennom slaveriet.
- «ekstra» i engelske storleikar på klede, som i XS (extra small, altså ekstra lite) eller XXXL (extra extra extra large, eller svært stort)
- talet 10 med romartal[1]
- x er i matematikken teikn for ein ukjend storleik, i analytisk geometri for abscissen (den første koordinaten) i eit koordinatsystem.
- forkorting for Khristos eller Kristus.
- X av Klaus Schulze, eit album av Klaus Schulze.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «X – bokstav». Store norske leksikon (på norsk). 29. april 2024.