Huset Tudor
Utsjånad
Huset Tudor var eit britisk kongehus av walisisk opphav. Monarkar frå dette huset regjerte over England frå 1485 til 1603, då det blei etterfølgd av huset Stuart.
Dynastiet omfatta mellom anna Henrik VIII, som innførte reformasjonen i England, og Elisabeth I. Dynastiet blei avslutta då Elizabeth døydde i 1603 utan tronarvingar. Gjennom hemmelege forhandlingar med fetteren sin Jakob, som var konge av Skottland (og hadde ei oldemor frå Tudor-huset), sørga dronning Elizabeth for at huset Stuart etterfølgde henne på den engelske trona, noko som samtidig sameinte kongedøma England og Skottland i ein personalunion.
Dei fem Tudor-monarkane var:
- Henrik VII (1485–1509)
- Henrik VIII (1509–1547); son av Henrik VII
- Edvard VI (1547–1553); son av Henrik VIII
- Maria I (1553–1558); eldste dotter av Henrik VIII
- Elisabeth I (1558–1603); nest eldste dotter av Henrik VIII
Sja òg
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Huset Tudor» frå Wikipedia på bokmål, den 16. januar 2018.