Hopp til innhald

Ale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ale er ein type øl brygga på byggmalt med ein overgjæra ølgjær som gjærar raskt. Det gjev ein søt, fyldig og fruktig, og stundom smørliknande, smak. Dei fleste ale inneheld enkelte urter eller krydder, vanlegvis humle. Dette gjev ein bitter urtesmak som balanserar den søte maltsmaken. I daglegtalen vert veldig mange typar overgjæra øl ofte kalla ale.

Ale er svært vanleg i Storbritannia, Tyskland, Irland, Belgia, USA og dei austlege områda av Canada, men lagerøl er den vanlegaste i nesten alle land.

Spire Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.