Hopp til innhald

Rugøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rugøltypen sahti frå Finlandia.

Rugøl er øl som er brygga på ei blanding av rug- og byggmalt.

Eit kjerneområde for brygging av rugøl er Finland og Estland med sitt tradisjonelle sahti. Det er ei aukande interesse for rugøl i fleire land. I Tyskland har Fürstliche Brauerei Thurn und Taxis i Schierling i Bayern brygga eit rugøl - Schierlinger Roggen - sidan 1988, som vert eksportert til fleire land. Det store bryggeriet Paulaner i München lagar òg eit «roggenbier» - Paulaner Roggen. Eit bryggeri i Schlägl i Austerrike brygger eit Goldroggen, og på vestkysten av USA finst det fleire mikrobryggeri som tilbyr rugøl.

Spire Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.