Hopp til innhald

Hovudside

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velkomen til Nynorsk Wikipedia
– eit fritt oppslagsverk som alle kan redigera.
I dag er det 19. mai 2025 (oppdater)


Nynorsk Wikipedia har no 174 649 artiklar


Atlanterhavsskogen skissert av WWF.

Atlanterhavsskogen er ein neotropisk økoregion som strekkjer seg langs atlanterhavskysten av Brasil frå delstaten Rio Grande do Norte i nordaust til delstaten Rio Grande do Sul i sør og innover landet så langt som til Paraguay og Misiones-provinsen i Argentina, der regionen er kjend som Selva Misionera. Nær alt av det totale arealet ligg i Brasil. Atlanterhavsskogen strekte seg ein gong i historisk tid over meir enn 1,1 millionar km². Etter over fem hundreår med utvidande europeiske busetjingar, står det att ca. 12 % til 28 % av areal med opphavleg vegetasjon.

Sjølv om berre ein mindre del av det opphavlege vegetasjonsdekket står att, held atlanterhavsskogen fram med å vere usedvanleg frodig i biologisk mangfald og endemiske artar, men mange er trua av utrydding. Det er registrert over 30 00 treartar, 98 flaggermusartar, 94 store eller mellomstore pattedyrartar, over 2 000 epifyttartar, 26 primatartar, 528 amfibieartar, 124 små pattedyrartar og over 800 fugleartar her. Ein liten populasjon av ein tamarinart i silkeapefamilien, Leontopithecus caissara, er endemisk for eit 358 km² stort område sør i Brasil. Ein trua art trefingerdovendyr, Bradypus torquatus, er endemisk for atlanterhavsskogen, likeins trefrosken Dendropsophus branneri. Kolibrien svaledryade, Thalurania watertonii, er sterkt trua (EN) og lever i eit avgrensa område lengst nord i økoregionen. Les meir …


Dagens skandinaviske artikkel
Østtysk frimerke til VM i skiskyting 1967 .

Verdensmesterskapet i skiskyting arrangeres årlig av International Biathlon Union (IBU).

Det første VM ble arrangert i 1958, med en individuell øvelse og en lagkamp. Fra 1984 har det også være VM for kvinner. Miksstafett ble introdusert i 2005. Norge, Tyskland og Frankrike er mestvinnende nasjoner. ► Les mer her.

Systerprojekt
Commons
Felles medialager
Wikinytt
Frie nyhende
Wiktionary
Ordbok og synonymordbok
Wikifrasar
Frie sitat
Wikibøker
Frie bøker
Wikikjelda
Frie kjeldetekstar
Wikispecies
Artskart
Wikiversity
Frie læremiddel
Meta-Wiki
Wikimedia
Wikidata
Fri kunnskapsbase
Wikivoyage
Fri reisehandbok
Dagen i dag
Visste du at …
... Delaware, den første delstaten innlemma i USA, opphavleg blei kolonisert av nederlendarar og svenskar?
... Commonwealth Bay i Antarktis er den mest forblåste staden i verda med ein årleg middelvind på 22 m/s (80 km/t, liten storm) og vindar ofte over 66 m/s (240 km/t)?
... idrettsforma orientering oppstod i Skandinavia på 1800-talet som ein måte å trena soldatar på?
... Melodi Grand Prix 1969 førte til ein kulturdebatt med utgangspunkt i vinnarlåten «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli»?
... det vart laga få dataprogram for Commodore 128?
Tilfeldige fakta frå nokre av artiklane våre
Temasider
Om Wikipedia
Wikipedia er det største prosjektet til stiftinga Wikimedia. Oppslagsverket er fritt til å bruka her og elles. Det baserer seg i stor grad på dugnad, både når det gjeld skriving og retting, og du er velkommen til å delta. To av utgåvene er på norsk; denne nynorske wikipediaen og Wikipedia på bokmål og riksmål med meir enn 600 000 artiklar. Wikipedia finst også på nordsamisk. Wikipedia er støtta av gåver frå brukarane sine, og me tek gjerne imot bidrag.

Grunnprinsipp Spørsmål og svar Hjelp Skriva Endra Arbeidskontoret Samfunnshuset Kontakt