Viser innlegg med etiketten Mandagstema. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mandagstema. Vis alle innlegg

tirsdag 12. mars 2013

Heitt


No går me inn i ein lengre kuldeperiode seie meteorologane. Trøysteslaust fø oss so vil ha vår.

  "Alt som er vakkert" har eit mandagstema denne veka som går på varme. Da va godt. So no har eg leita etter varme bilder. Ikkje lett å finna når ein har busett seg i Noreg. Eg måtte heilt til Sienna i Italia fø å finna øve 40 varmegrader. Tutto på bildet her slit i heile 44 raude... herleg!!!!

mandag 11. mai 2009

Ansvar

Mandagstema i dag er...ansvar. Som jo er så mangt...




Nokre har for mykje av det, andre for lite. Nokon får det for fyrste gong, andre får det aldri. Nokre gonger er det dog kun ein illusjon....

mandag 4. mai 2009

Mandagstema, mønster

Denne mandagen er temaet, mønster. Mønster kan vere so mangt ; mønster -t(e)ret, - el. -tre, -tra el. -trene (gj lty fra gfr, av mlat monstra 'prøvestykke', av lat. monstrare 'vise fram')

Det kan vere alt frå eit mønster i kaos til eit førebilde for andre. Slik som meg for eksempel, eit ekte dydsmønster. Eller noko ein stakkar kan strikka etter for å få fingrane på rett plass i votten.



For meg gjev ordet mønster assosiasjonar til symmetri. Kvifor anar eg ikkje, men utvalde bilde tok eg nettopp pga. det asymetriske i det symetriske...altso brotet i mønsteret...

mandag 27. april 2009

kreativ a1 (frå eng.) (ny)skapande; idérik ha k- sans

I dag har Mette i Mandagstema bedd oss vera kreative, eller visa fram nokon som er...Kanskje ikkje mitt spenstigaste bidrag, men fann noko liggjande på harddisken frå tider med meir tid....


Tre systre?
Kven er i såfall eldst? Kven liknar mest på mor og kven på faren osv...
Kanskje ikkje så kreativt som løye. Virituell morro kan ein og kalla det....
Pffff.... mandag....ikkje lettaste dagen å vera kreativ :)

...etterpå vart eg både litt heit og litt kald og lurte på om heile bidraget mitt hadde tippa øve kanten tå komplett surrealistisk....de ser at det er jakten på symmetri som er utgangspunktet for dama i tre versjona? At ein av og til lurar på om ein hadde vore vakrare om augnabrynet på beggje side låg i same slake buen og ikkje som ofte er tilfellet...eit til vers og eit på tvers....
Uff, ja, sjølvsagt gjorde de det :)

tirsdag 14. april 2009

Stillhet

Mandagstema i dag er stillhet, eller lydlaust på nynorsk. Det er mange måtar å tolke temaet på, men eg fall ned på ei visualisering av sykkelturane eg har hatt på arbeid dei siste åra. Om sumaren prøver eg å kome meg opp i god tid og sykle til arbeid 1 mil opp i dalen. Utfordringa er alle oppoverbakkane, fordelen er den vakre stillheten eller "lydlausa"(?) eg får ta del i.



Fyrst etter å ha bestige Storhaugen møter meg dette synet på leitet før Hellandsfossen.



Etter nye motbakkar kjem eg til Holmen. Her rann eingong ei elv mellom vegen og bakkane bortanfor. Der lærde eg å symje....i lag med rumpetrolla...;)



Innover mot Farestveit der eg vaks opp....



Til slutt innsyn mot Øvre Helland...snart på kontoret.

mandag 6. april 2009

Prisnessa på erta..

Ja i dag vert det humoren til Hu'mor som vert lagt ut. Dama på bildet såg ikkje mykje moro i opptrinnet. Bildet er eit mobilkamerabilde, desverre ikkje av det beste slaget....men er mitt bidrag til Mandagstema denne veka.



....og etter fjese å bedømma var dette ei svært stor ert....

mandag 30. mars 2009

From above...II

Etter å ha surfa på alle dei flotte innlegga i denne veka sitt mandagstema har ei meir og meir skremande kjensle av høgdeskrekk gripe tak i meg.

Og når ein set slik og kjenner på slike fobiar, kom eg på når eg sist fekk sett meg sjølv på prøve i ein slik samanheng. Helikopterturen i innlegget under var berre blåbær.....



I biletet her over er det no litt av kvart som kjem ovanfrå....;)

I fjor sommar var vi i Spania med svigers og fekk det for oss at ein tur til Gibraltar og prøve kike over til Afrika ville vere midt i blinken... Turen opp til utkikspunktet i ei godt brukt taubana, timen der oppe og turen ned att sat att i kroppen i fleire dagar. Eg var i kontstant angst og kvalmen kom og gjekk. Det var som å sitja oppå ei kula som balanserte på ein strikkepinn......





Aldri meir....og no såg me no heller til Afrika den dagen heller, disen låg tung over det ellers so berømte stredet.

From above...

Når eg tenkjer på ovenfra/from above kjem haugavis med assosiasjonar. Denne vekas mandagstema gjev rom for store tolkningar. Eg tenker på englar og demonar, sol, regn eller kanskje snjo slik som fall i natt...



Likavel fall eg ned på (tog du àn?) nokre realtivt dårlege bilder, reint fotografisk, frå ein blåtur me hadde her i dalen. Som overrasking kom det eit helikopter og let oss sjå heimstaden vår i fugleperspektiv. Heilt forferdeleg...og litt kjekt :) Med skjelvande hjarte og og ustødig hand tok eg eitpar bilder from above...