mandag 11. juli 2016

Å finna lukka..



å finna lukka er ofte ikkje lett når ein leitar som verst etter henne
då har ho ein tendens te å vere godt gjøymd
eller te å gleppa ut or hendene om du skulle no vere så heldig fyrst å finna ho
nei lukka plei koma når du minst venta da..


nett so denne
alle min roser dør
det er for hard for dei her i Tussesandbrekkjo
eg har kjøpt for tusenvis av kroner i roser av ulikt slag
dei fleste dør etter ein sesong eller to
men ikkje denne, denne veks og trivst
sjølvaste  rosa Lykkefunn
hardfør so ekte hakkadalinga må vera..

2 kommentarer:

  1. Så nydeleg rosebusk.
    Kjenner den god lukta av rosene heilt hit.

    Ynskjer deg ei fin juliveke !

    SvarSlett
  2. Roser er ikke helt enkle å ha med å gjøre. Lykkelig er den som får rosene sine til å trives og blomstre! Lykkelig er sikkert homla også :)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.