Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring

Oppdragsdriven. Menneskestyrt.

Vi er ikkje eit vanleg teknologiføretak. Det som vi lagar prioriterer mennneske og personvern over profitt. Vi finst for å gjere internet til ein meir helsesam og trivelegare plass for alle.

«Helsa til internett og livet på nettet er grunnen til at vi eksisterer.»

Mitchell Baker, dagleg leiar, Mozilla Foundation

Mozilla lagar produkt som respekterer personvernet

«Mozilla tek veddemål for å vise verda at det er ei verksemd som kan gjerast med påliteleg AI. Det inkluderer å setje ting som menneskerettar, datavern og openheit i kjernen av korleis desse komplekse systema fungerer.»

Politico

Bli med oss ​​i å forme påliteleg AI

Mozillas arbeid med AI er ikkje berre ein ny ting – vi har brukt år på å finansiere, byggje og gå inn for AI som er open, rettferdig og ansvarleg utvikla. Fokuset vårt er å skape AI som tener folket, prioriterer openheit og støttar allmenta, ikkje dagsordenane til bedrifta.

Les meir

So, kva er Mozilla?

I kjernen er Mozilla ein aktivistorganisasjon leidd av Mozilla Foundation som gjer endringar i verda gjennom ei rekkje satsingar, inkludert Mozilla Corporation, MZLA, Mozilla Ventures og Mozilla AI. Korleis er vi ulike? Fordi vi er oppdragsdrivne, betyr det at vi har fridommen til å ta alle avgjerdene våre basert på kva som er best for internett og for alle på nettet, ikkje basert på krav frå aksjonærar – vi har faktisk ingen av desse.

Les om Mozilla Foundation
Bygg rørsla vår

Doner til Mozilla Foundation i dag for å sikre at internett vert verande ope og tilgjengeleg for alle.

Doner

Ver med i kampen for eit helsesamt internett

Di røyst. Din kode. Dine idéar. Det finst bokstavleg tala tusenvis av måtar du kan bidra til Mozilla.

Friviljug med Mozilla

Den eine gongen vi gav bort kjeldekoden vår…

Projektet Mozilla vart grunnlagt i San Francisco 1998, då nettlesaren Netscape tok avgjerda om å gje bort programkoden sin til ålmenta for å byggje vidare på, og forbetre han. På den tida hadde eitt føretak eit virtuelt monopol på korleis folk opplevde internett.

Etterkvart vart Mozilla-projektet, med open kjeldekode, forvandla til den svært populære versjonen av Firefox.

I dag held Mozilla fram rørsla si mot eit betre internett med millionar av aktive community-medlemmar over heile verda, som tek til orde for etisk teknikk, pålitleg AI og produserer personvernbaserte produkt som gjev meir makt til folket.