Hopp til innhald

David Lloyd George

Frå Wikiquote
David Lloyd George

David Lloyd George var ein britisk politikar og statsminister, det siste medlemmet av det liberale partiet som var statsminister i Storbritannia.


Teke frå Ian Spencer Hornsey A history of beer and brewing
Opphavleg tekst:
«We are fighting Germany, Austria and Drink, and as far as I can see, the greatest of these three deadly foes is Drink.»

Informasjon
Opphav: David Lloyd George
Opphavleg mål: Engelsk

År: 1915

Periode: Første verdskrigen
Kontekst: Mangel på militært utstyr i første verdskrigen var ein nasjonal britisk skandale, og mange la skulda på alkoholvanane til arbeidarane som produserte materiellet. Den dåverande finansministeren Lloyd George kom med utsegna då han vitja Bangor i Wales den 28. februar 1915.
Seinare bruk

Utsegna blei raskt vidareformidla i media (som New York Times, 30. mars 1915) og i seinare samanhengar. Ho blei sitert i ein alkoholdebatt i Overhuset 10. juni 1941. Seinare er ho mykje brukt i historisk samanheng for å illustrera dåtidas alkoholsyn.

Stikkord
alkohol
drikking
fiendar
øydelegging
Austerrike
Tyskland
«Me kjempar mot Tyskland, Austerrike og drikk, og så vidt eg kan sjå, er den største av desse tre daudelege fiendane drikk.»
Ølglas og kort. Målerei av Juan Gris frå 1913.


«Me kjempar mot Tyskland, Austerrike og drikk, og så vidt eg kan sjå, er den største av desse tre daudelege fiendane drikk.»