Znojmo
Znojmo | |||||
---|---|---|---|---|---|
St. Nikolas-kyrkja | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Kraj |
Tsjekkia Sør-Mähren | ||||
Grunnlagd | 1226 | ||||
Borgarmeister | Petr Nezveda | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 65,896743 km² | ||||
Flatevidd - By |
65,93 km² | ||||
Innbyggjarar - By (1.1.2012) - folketettleik |
34 073 517/km² | ||||
Koordinatar | 48°51′N 16°3′E / 48.850°N 16.050°E | ||||
Høgd over havet | 290 m | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | 669 02 | ||||
Heimeside: http://www.znojmocity.cz | |||||
Nettstad: www.znojmocity.cz | |||||
Plassering | |||||
Znojmo (tysk Znaim) er ein by i Tsjekkia i regionen Sør-Mähren, nær grensa til Austerrike.
Byen er bygd på ei klippe på den bratte venstresida til elva Dyje, og arkitekturen har opprettheldt eit mellomalderpreg. Den gotiske St. Nikolas-kyrkja og det seingotiske rådhuset er dei mest kjende landemerka i byen. St. Nikolas-kyrkja vart bygd i 1348 av keisar Karl IV, og rådhuset, med det 75 meter høge tårnet, vart bygd rundt 1446. Overfor elva Dyje ligg Znojmoborga, som går tilbake til 1000-talet og vart grunnlagd av Přemyslid-hertugane.
Den kongelege byen Znojmo vart grunnlagd rundt 1226 av kong Ottokar I på sletta føre Znojmoborga. Znojmo er mest kjemd for våpenstillstanden som vart avgjort her i 1809 etter slaget ved Wagram mellom Napoleon og erkehertug Karl. Han er òg kjend som (den påståtte) fødestaden til Leopold Loyka, sjåføren til den austerrikske erkehertugen Franz Ferdinand då Ferdinand vart myrda i Sarajevo i 1914, ei hending som utløyste den første verdskrigen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell side
- Turistside Arkivert 2010-10-16 ved Wayback Machine.
- Znojmo turistinformasjon Arkivert 2013-09-14 ved Wayback Machine.