Zinjibar
Zinjibar | |||
زنجبار | |||
landsby | |||
Land | Jemen | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Abyan | ||
Distrikt | Zinjibar | ||
Koordinatar | 13°7′42″N 45°22′49″E / 13.12833°N 45.38028°E | ||
Folketal | 19 879 (2004) | ||
Tidssone | Jemen standardtid (UTC+3) | ||
Zinjibar 13°07′42″N 45°22′49″E / 13.128333333333°N 45.380277777778°E | |||
Kart som viser Zinjibar.
|
Zinjibar (arabisk زنجبار) er ein hamne- og kystby sør i det sentrale Jemen. Han det det administrative senteret i Zinjibar-distriktet og Abyan guvernement. Byen ligg like ved Wadi Bana[1] i Abyan-deltaet. Frå 1962 til 1967 var han den administrative hovudstaden i Fadhli sultanat, sjølv om sultanen framleis budde i den tidlegare hovudstaden Shuqrah. I folketeljinga i 2004, hadde Zinjibar 19 879 innbyggjarar. Byen har eit lite feriemiljø ved sjøen og ein fiskeindustri.[2] Det vert dyrka bomull i området.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Zinjibar var lenge eit handelssenter for handel med Det fjerne austen.[4] I 1163 vart byen sett i brann og vart øydelagd av Abdel Nabi Ali Mahdi Yoosuf. Han vart bygd opp att og ein har funne mykje keramikk frå 1400-talet ved den arkeologiske funnstaden Mazda (القريات). Byen vart derimot øydelagd igjen i stammekrigar. På 1800-talet grunnla Fadhli-sultanen Hussein bin Ahmed bin Abdullah byen på ny. Han vart send til India i eksil og kom att tidleg i 1920-åra.
Namnet Zanjibâr kjem frå persiske samansetninga Zangī-bâr, som tyder «kysten med dei mørkhuda». Namnet Zanzibar har same opphav.
I mai 2011 vart byen overteken av islamistiske militante som ein del av Jemen-opprøret i 2011.[5][6] Den 12. juni 2012 vart dei militante drivne ut av byen av den jemenittiske hæren.[7] Same dag vart òg nabobyen Jaʿār, 15 kilometer mot nord, òg teken attende av hæren.[8]
Soldatar som støtta houthiane tok kontroll over Zinjibar seint i mars 2015, og dreiv ut soldatar som var lojale til president Abd Rabbuh Mansur Hadi. Byen vart eit mål for luftåtaka til den multinasjonale koalisjonen i Jemen på vegner av Hadi.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zinjibar» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hämäläinen, Pertti (1999) Yemen Lonely Planet, Melbourne, Victoria, Australia, page 195, ISBN 0-86442-603-8
- ↑ Hämäläinen, Pertti (1999) Yemen Lonely Planet, Melbourne, Victoria, Australia, page 230, ISBN 0-86442-603-8
- ↑ Dresch, Paul (2000) A history of modern Yemen Cambridge University Press, New York, page 121, ISBN 0-521-79092-1
- ↑ Lane, A. and Serjeant, R. B. (1948) «Pottery and glass frag- ments from the Aden littoral, with historical notes» Journal of the Royal Asiatic Society 1948: pp. 108–133
- ↑ Arrabyee, Nasser; Kasinoff, Laura (May 29, 2011). «islamists seize a Yemeni city, stoking fears»New York Times; archived by WebCite
- ↑ Lappin, Yaakov (30. mai 2011) «Analysis: Al-Qaida exploiting failed states for sovereignty»Jerusalem Post; archived by WebCite
- ↑ http://www.aljazeera.com/news/middleeast/2012/06/201261271339613508.html
- ↑ http://www.nytimes.com/reuters/2012/06/12/world/middleeast/12reuters-yemen-jaar.html?_r=1&ref=global-home
- ↑ «Diplomats and U.N. staff flee Jemen as houthiar target Aden». Reuters UK. Henta 30. mai 2016.