Hopp til innhald

Ypsilon Andromedae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ypsilon Andromedae (υ Andromedae / υ And) er ei dobbeltstjerne om lag 44 lysår frå jorda i stjernebiletet Andromeda. Hovudstjerna (Ypsilon Andromedae A) er ein gulkvit dvergstjerne som er noko yngre enn sola. Den andre stjerna i systemet, Ypsilon Andromedae B, er ein raud dverg som går i ein stor bane.

Så langt (2010) er det oppdaga tre planetar i bane rundt hovudstjerna. Alle tre er truleg gasskjemper som liknar Jupiter. Desse planetane var dei første planetane ein oppdaga utanfor solsystemet og Ypsilon Andromedae var òg det første solsystemet som omfatta ei dobbeltstjerne.

Den innarste planeten i systemet vart oppdaga i 1996 og publisert i januar 1997.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]