Works av Pink Floyd
Utsjånad
Works Samlealbum av Pink Floyd | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. juni 1983 | |
Innspelt | 1967–1973 | |
Sjanger | Progressiv rock, psykedelisk rock | |
Lengd | 42:10 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Joe Boyd, Pink Floyd, Norman Smith | |
Pink Floyd-kronologi | ||
---|---|---|
The Final Cut (1983) |
Works | A Momentary Lapse of Reason (1987)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Rolling Stone | [2] |
Works er ei samleplate av Pink Floyd frå 1983, gjeve ut av deira tidlegare amerikanske plateselskap Capitol Records. Albumet er mest kjend for å innehalde songen «Embryo», og dette er i dag einaste staden der ein kan finne dette sporet offisielt. I januar 1970 vart det derimot gjeve ut på ei sjeldan samleplate med forskjellige artistar kalla Picnic - A Breath of Fresh Air. Songen vart mykje spelt på konsertane til Pink Floyd rundt 1970. I tillegg inneheld albumet alternative versjonar av «Brain Damage» og «Eclipse», og antakeleg er dette stereomiksar frå den kvadrofoniske utgåva av The Dark Side of the Moon.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]- Side ein
- «One of These Days» – 5:50 (frå Meddle, inneheld delar av «Speak to Me» frå The Dark Side of the Moon)
- «Arnold Layne» – 2:52 (singel frå 1967 - ein uekte «stereomiks» tatt frå den originale monomiksen som ein finn på albumet Relics)
- «Fearless» – 6:03 (frå Meddle)
- «Brain Damage» – 3:50 (frå The Dark Side of the Moon - alternativ miks)
- «Eclipse» – 1:45 (frå The Dark Side of the Moon - alternativ miks)
- Side to
- «Set the Controls for the Heart of the Sun» – 5:23 (frå A Saucerful of Secrets)
- «See Emily Play» – 2:54 (singel frå 1967 - ein uekte «stereomiks» tatt frå den originale monomiksen som ein finn på albumet Relics.)
- «Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict» – 4:47 (frå Ummagumma)
- «Free Four» – 4:07 (frå Obscured by Clouds)
- «Embryo» – 4:39 (frå samlinga Picnic - A Breath of Fresh Air frå 1970)
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- David Gilmour - gitar og vokal
- Roger Waters - bass, vokal og lydeffektar
- Richard Wright - Tangentinstrument
- Nick Mason - Trommer, perkusjon og lydeffektar
- Syd Barrett - Gitar og vokal på «Arnold Layne» og «See Emily Play»
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1983) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[3] | 64 |
US Billboard 200[4] | 68 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Works (Pink Floyd album)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. desember 2006.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Kellman, Andy (2011). «Works - Pink Floyd | AllMusic». allmusic.com. Henta 10. juli 2019.
- ↑ «Pink Floyd: Album Guide | Rolling Stone Music». rollingstone.com. 2011. Henta 10. juli 2019.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 233. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 29. juni 2019.