Wetherby
Utsjånad
Wetherby | ||
---|---|---|
Wetherby sett frå Micklethwaite i Wetherby på andre sida av Wharfe. | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | West Yorkshire | |
Distrikt | City of Leeds | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
11 155 | |
Koordinatar | 53°56′N 1°23′W / 53.933°N 1.383°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | LS22 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1937 | |
Wetherby er ein by i West Yorkshire i England, i nærleiken av Boston Spa og ved elva Wharfe.
Han vart nemnt i Domesday Book, og var då (1086) ein vadestad ved Wharfe. Då slike vadestader òg var naturlege stoppestader under reiser fekk byen mange vertshus, og fleire av desse har overlevd som pubar. Motorvegen M1 sluttar rett ved byen, og han er derfor enno ein stad der mange tek ein pause under reiser.
Like ved byen ligg landsbyane Sicklinghall og Kirby Overblow.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wetherby» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.