Hopp til innhald

Wagrain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wagrain

Wagrain er ein kommune (Marktgemeinde) i distriktet St. Johann im Pongau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 50,6 km² og i kring 3 100 ibuarar. Kommunesenteret Wagrain Markt er ein liten landsby i ein fjelldal, 838 meter over havet og 8 kilometer aust om St. Johann im Pongau.

Skiprodusenten Atomic vart starta opp i Wagrain i 1955, i 1971 flytta fabrikken til Altenmarkt, 10-12 km lengre aust.