Wadi Musa
Wadi Mousa | |||
وادي موسى, Mosesdalen | |||
by | |||
Wadi Musa
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ma'an guvernement | ||
Høgd | 850 moh. | ||
Koordinatar | 30°19′12″N 35°28′43″E / 30.32000°N 35.47861°E | ||
Folketal | 26 100 (2009)[1] | ||
Tidssone | GMT +2 | ||
Retningsnummer | +(962)3 | ||
![]() Wadi Musa 30°19′12″N 35°28′42″E / 30.32°N 35.4784°E | |||
Wikimedia Commons: Wadi Musa |
Wadi Musa, (arabisk وادي موسى, tyder ‘Mosesdalen’) er ein småby i Ma'an guvernement sør i Jordan og aust for Petra.
Han er byen som ligg nærast den historiske oldtidsbyen Petra og har mange hotell og restaurantar for å huse turistane som vitjar denne staden. Kring to kilometer frå byen ligg ein beduinbusetnad.
I 2009 hadde Wadi Musa kring 26 100 innbyggjarar.
Namnet
[endre | endre wikiteksten]Wadi Musa tyder ‘Mosesdalen’ på arabisk. Det vert sagt at profeten Moses passerte gjennom dalen og slo vatn frå ei klippe ved Ain Musa (Moseskjelda).[2] Nabatearane bygde kanalar som førte vatn frå denne kjelda til byen Petra. Wadi Musa vart òg kalla «Vaktaren av Petra». «Arongrava», som vert sagt å vere gravstaden til Aron, bror til Moses, ligg i nærleiken på Jebal Hor.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Byen ligg kring 250 km frå Amman, hovudstaden i Jordan, og 100 km nord for hamnebyen Akaba. Med meir enn 50 hotell og mange restaurantar, er hovudnæringa turisme.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Wadi Musa
-
Petra turistsenter
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wadi Musa» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: