Vitskap i 1912
Utsjånad
Vitskapsår |
1910 | 1911 | 1912 | 1913 |1914 |
Kategoriar |
Vitskapsåret 1912 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1912.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- 23. juli - Horace Donisthorpe oppdaga slekta anergates av myrmicinae (maur) i New Forest, England.
- Peter Debye utleiar ei kubisk lov for varmekapasiteten hos ikkje-metalliske faste stoff ved låg temperatur.
- Alfred Wegener kom med teorien om kontinentaldrifta.
- Kazimierz Funk identifiserte vitamina.
- Victor Hess oppdaga at ioniseringa av lufta aukar med høgda over havet, eit teikn på kosmisk stråling.
- Max von Laue meinte at røntgenstråler kan brytast i krystallgitter.
- Walter Friedrich og Paul Knipping lukkast med å bryte røntgenstråler i sinkblende.
- Harry Brearley fann opp rustfritt stål.
Prisvinnarar
[endre | endre wikiteksten]- Copleymedaljen: Felix Klein
- Darwinmedaljen: Francis Darwin
- Murchisonmedaljen: Louis Dollo
- Nobelpriser:
- Wollastonmedaljen: Lazarus Fletcher
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- 23. mars - Wernher von Braun, fysikar og ingeniør (død 1977).
- 19. april - Glenn T. Seaborg, kjemikar, nobelprisvinnar i kjemi (død 1999).
- 30. mai - Julius Axelrod, biokjemikar, nobelprisvinnar i medisin (død 2004).
- 7. september - David Packard, ingeniør (død 1996).
Døde
[endre | endre wikiteksten]- 10. februar - Joseph Lister, britisk oppfinnar av antiseptiske middel (fødd 1827).
- 12. februar - Osborne Reynolds, fysikar (fødd 1842).
- 11. mars - Pjotr Semjonov-Tjan-Sjanskij, russisk geograf (fødd 1827).
- 29. mars - Robert Falcon Scott, oppdagar (fødd 1868).
- 17. juli - Henri Poincaré, fransk matematikar (fødd 1854).
- 29. juli - Gerhard Henrik Armauer Hansen, norsk lege og patolog (fødd 1841).
- 7. august - François-Alphonse Forel, banebrytande utforskar av innsjøar (fødd 1841).