Vitskap i 1828
Utsjånad
Vitskapsår |
1826 | 1827 | 1828 | 1829 |1830 |
Kategoriar |
Vitskapsåret 1828 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1828.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- Félix Savary rekna ut omlaupsbanen for dobbeltstjerna Xi Ursae Majoris.
- Karl Ernst von Baer publiserte Über Entwickelungsgeschichte der Thiere og la dermed grunnlaget for den samanliknande embryologien.
- Friedrich Woehler framstilte urea, det første organiske stoffet som blei syntetisert.
- Jöns Jacob Berzelius oppdaga grunnstoffet torium.
- George Green beviste Greens sats.
- Adolphe Theodore Brongniart publiserte Prodrome d'une histoire des Végétaux Fossils, ein studie om fossile vekster.
- Mary Anning oppdaga det første fossilet i Storbritannia av flygeøgler ved Lyme Regis.
- William Rowan Hamilton publiserte Theory of Systems of Rays.
- Friedrich Wöhler og Antoine Bussy framstilte uavhengig av kvarandre beryllium ved reduksjon av berylliumklorid med kalium.
Prisvinnarar
[endre | endre wikiteksten]- Copleymedaljen: blei ikkje utdelt.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- 12. januar - Adolf Knop, tysk mineralog og geolog (død 1893)
- 24. mars - Jules Verne, fransk science fictionforfatter (død 1905)
- 31. oktober - Joseph Swan, britisk fysikar (død 1914)
Døde
[endre | endre wikiteksten]- 17. mars - James Edward Smith, engelsk botanikar (fødd 1759)
- 8. august - Carl Peter Thunberg, svensk botanikar (fødd 1743)
- 22. desember - William Hyde Wollaston, britisk kjemikar (fødd 1766)