Vitseteikning
Vitsetegning er tegne- og illustrasjonskunst der hensikten med teikningen er å mora den som ser han. Ein vitseteikning kan vera med eller utan tekst. Det vil seia at poenget anten kan formidlast gjennom teikningen eller gjennom teksten. Ofte er det eit samspel mellom tekst og bilde. Vitseteikningar finst særleg i blad og aviser og blir laga av avisteiknarar og illustratørar, tekstforfattarar og vitsemakarar.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Humoristiske bilde har lange tradisjonar i kunsthistoria. Underhaldande vitseteikningar for eit massepublikum oppstod fyrst med trykkekunsten på 1500-talet, men voks spesielt med den europeiske vittigheitspressa frå 1700- og 1800-talet. Dei poengterte småteikningane, morosame teikneseriane og satiriske karikaturane til vittigheitsblada blei spreidde vidare på 1900-talet, med lettare variantar særleg i USA. I dag finn ein humoristiske teikningar både i teikneseriar, humorblad, aviser og vekeblad, ofte i form av enkeltteikningar eller såkalla avis- eller teikneseriestriper. Vitseteikningane blir ofte distribuerte gjennom internasjonale pressebyrå.
Kjente vitseteiknarar
[endre | endre wikiteksten]Norske
[endre | endre wikiteksten]- Sven Sønsteby
- Arvid Andreassen («Arvid»)
- Thore Hansen
- Asbjørn Ystad
- Ragnar Pedersen («Joker»)
- Morten M. Kristiansen («Morten M.»)
- Erik Foseid
- Walters
- Tommy Sydsæter
- Steffen Kverneland
- Arild Midthun
- John Arne Sæterøy («Jason»)
- Frode Øverli
- Øyvind Sagåsen («FLIS»)
Utanlandske
[endre | endre wikiteksten]- George Cruikshank (England)
- Charles Addams, USA
- Honoré Daumier
- Richard Felton Outcault
- Gary Larson, USA
- Storm P., Danmark
- Leif Sjöström, Finland
- Kari Suomalainen, Finland
- Tad Williams (USA)
- Albert Engström (1869–1940), Sverige
- Oscar Andersson (1877–1906), Sverige
- Doubout (1882–1944), Frankrike
- Jean Effel, Frankrike
- Saul Steinberg, USA
- Virgil Franklin Partch («VIP»), USA
- James Thurber (1894–1961), USA
- André François (født 1915), Frankrike
- Gahan Wilson, USA
- Ronald Searle (født 1920),
- Siné (1928–), Frankrike
- Jean-Jacques Sempé (1932–), Frankrike
- Quino (1932–), Argentina
- Mordillo (1932–), Argentina
- Eugéne Mihaesco (født 1937), Romania
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vitsetegning» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mars 2024.