Hopp til innhald

Vipps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vipps


Org.formAksjeselskap
Org.nr.918713867
BransjeBetalingssystem
Skipa30. mai 2015
EigarDNB,[1] Sparebanken Møre[1]
HovudkontorDronning Eufemias gate, Oslo
LandNoreg
ProduktBankAxept, BankID
StyreleiarKjerstin Braathen (2020)[2]
Nettstadhttps://www.vipps.no/ (bokmål)

Vipps er eit norsk selskap som tilbyr betalings- og ID-løysingar. Vipps vart lansert av DNB 30. mai 2015 som ei digital betalingsteneste for smarttelefonar mellom privatpersonar. Sidan 2017 er tenesta eit frittståande selskap.[3] Per 31. desember 2018 var DNB største eigar med 44,49 prosent, SpareBank 1 Betaling eig 20,04 prosent, Balder Betaling 10,49 prosent, Eika VBB 9,27, Nordea Bank 6,38 prosent og andre aksjonærar som består av bankar i Noreg 7,33 prosent.

Ein kan lasta ned Vipps frå App Store og Google Play. Støtte for Windows Phone via Windows Store var tilgjengeleg i byrjinga, men slutta i 2017. Vipps er tilgjengeleg for folk over 15 år med norsk fødselsnummer, mobilnummer, kontonummer og betalingskort. Vipps lèt brukarane senda pengar til telefonnummeret til mottakar i staden for kontonummeret. I desember 2018 lanserte Vipps AS «Vipps under 15», ein forenkla versjon av Vipps der foreldra har kontroll over kven barnet får lov å senda pengar til og få pengar frå.

Ved lansering måtte brukarane betala 1 norsk krone per overføring inntil 2 000 kroner og 1 % av beløpet ved større overføringar. Då Danske Bank lanserte MobilePay utan gebyr i 20. august 2015, følgde DNB etter, men heldt fram med gebyr for overføringar over 5 000 kroner (1 % gebyr).[4] For mottakarar som ikkje er private (bedrifter, samskipnader, frivillige lag o.l.) vert eit gebyr på 1,50–2,25 % trekt frå beløpet (kjem an på type Vippstilknytning), noko som sjeldan eller aldri vert formidla i reklame for Vipps.[5] Det vil seia at ei gåve på t.d. kr 10 000 til ein velgjerande organisasjon vert fråtrekt eit Vipps-gebyr på kr 175 før utbetaling, medan det typisk vil kosta 0–2 kroner for ein givar å senda det som girobetaling og eventuelt eit liknande beløp for ein mottakar ved automatiserte betalingsløysingar.

Vipps er ein programvare som kan ein kan lasta ned til smarttelefonar (iOS og Android). Etter nedlasting må brukaren registrera seg med BankID og so leggja inn betalingskort (Visa/Mastercard) eller eit kontonummer frå ein norsk bank. Når ein registrerer seg som brukar vert det oppretta ei kopling mellom mobilnummer og kontonummer slik at ein kan betala til mobilnummer med Vipps.

Ein må vera registrert brukar for å senda pengar på Vipps. Sendar ein pengar til ein brukar som ikkje er registrert, vil mottakar få melding om å registrera seg for å få pengane. På denne måten kan ein også senda pengar til mottakarar som ikkje har lasta ned Vipps.

I 2016 vart Vipps regninger lansert, ei løysing som gjorde det mogleg å få og betala fakturaer i appen. I 2018 innførte Vipps såkalla straksbetaling, som inneber at kundane uavhengig av bank vil få pengeoverføringar direkte inn på konto.[6] Same år gjorde Vipps det au mogleg å sjekka saldoen på registrert bankkonto.

Vipps er medlem av den europeiske mobilbetalingsassosiasjonen EMPSA, og målet er at betalingstenesta snart skal kunna brukast i utlandet.[7]

Vipps har lansert fleire tenester for bedrifter. Vipps kan integrerast med nettbutikkar.

For å nytta Vipps må ein logga seg på appen ved å verifisera seg med ein eigenvald kode eller Touch ID/Face ID. Når ein treffer ulike beløpsgrenser, må ein verifisera betalinga med BankID. I tillegg har Vipps eigne trygleiksalgoritme når ein registrerer seg registrering eller brukar Vipps.

Merkedagar

[endre | endre wikiteksten]
  • 19. juni 2024 – Vipps-brukarar og MobilePay-brukarar i Finland og Danmark kan no senda pengar til einannan. Vipps og MobilePay er til saman 11,6 millionar brukarar.[8]
  • 12. mai 2024 – nynorskdagen 2024 vart ei nynorsk omsetjing lansert, den fyrste utgåva på nynorsk nytta «kvippse» som verb, mens sjølve namnet Vipps ikkje er endra.[9]
  • 1. november 2022 – Vipps og MobilePay vart fusjonerte. Fusjonen vert godkjent av EU-kommisjonen den 21. oktober, og Vipps og MobilePay slo seg saman frå 1. november.
  • 30. juni 2021 – Gjennom ei børsmelding annonserte Vipps at dei skulle slå seg saman med den danske betalingsløysinga MobilePay og den finske betalingsøysinga Pivo. Dei skulle ikkje brigda namna på nokre av betalingløysingane. Den nye betalingsløysinga ville samla 11 millionar brukarar.[10]
  • 2018 – Vipps AS, BankID AS og BankAxept AS vart fusjonerte etter godkjenning frå Finansdepartementet.
  • 14. juni 2018 – Finansdepartementet gav løyve til fusjon mellom Vipps AS, BankAxept AS og BankID Norge AS.[11]
  • Mai 2018 – Tenesta hadde 2,9 millionar brukarar.
  • Oktober 2017 – Danske Bank og Nordea gjekk inn som partnarbank i Vipps. Dei hadde det konkurrerande systemet MobilePay som var mest brukt i Danmark, men etterkvart la dei det ned i Noreg.[12]
  • Februar 2017 – Vipps vart eit frittståande selskap, eigd av fleire bankar.
  • 14. desember 2015 – Versjon 1.2 gjorde Vipps tilgjengeleg på Apple Watch og å søkja etter mottakar på heim-skjermen.
  • 5. november 2015 – Vipps nådde 1 million brukrar.
  • 5. oktober 2015 – Versjon 1.1 gav mogleiken til å logga med Touch ID for iPhone, tenesta «be om penger» og registrering av fleire betalingskort.
  • 18. september 2015 – Vipps vart «Best i test»[13] då Din Side freista betalingsappane MobilePay, mCASH og Vipps.
  • 20. august 2015 – DNB følgde etter Danske Bank. Gebyrfrie transaksjonar (under 5 000 kroner).
  • 30. mai 2015 – Vipps vart tilgjengeleg i App Store, Google Play og Windows Store. Sterk vekst gjorde at tenesta var ustabil dei fyrste dagane etter lansering, men dette vart fort retta opp.
  1. 1,0 1,1 https://www.proff.no/aksjon%C3%A6rer/-/vipps-as/918713867; vitjingsdato: 23. november 2019.
  2. https://w2.brreg.no/kunngjoring/hent_en.jsp?kid=20200000612551&sokeverdi=918713867&spraak=nb.
  3. «Over 100 banker går sammen om Vipps». e24. 13. februar 2017. Henta 16. juni 2018. 
  4. «DNB fjernet gebyr på fem timer». dn.no. 15. mars 2015. Henta 19. desember 2016. 
  5. «Bedrift». vipps.no. Henta 10. oktober 2023. 
  6. «Vipps halter årevis bak svenskene og danskene». e24. 26. mars 2018. Henta 16. juni 2018. 
  7. Sørdal, Kristin (11. september 2019). «Snart kan du betale med Vipps i utlandet». DinSide.no (på norsk). Henta 31. oktober 2019. 
  8. NTB (19. juni 2024). «Nå kan du vippse til dansker og finner». VG (på norsk). Henta 11. juli 2024. 
  9. Ertesvåg, Frank (12. mai 2024). «Kvipps og vipps på nynorsk: – Ein festdag!». VG (på norsk). Henta 12. mai 2024. 
  10. Tronstad, Live (30. juni 2021). «Vipps slår seg sammen med Mobilepay og finske Pivo». www.dn.no. Henta 10. august 2021. 
  11. «Vipps, BankAxept og BankID får tillatelse til å slå seg sammen». Regjeringen. 14. juni 2018. Henta 16. juni 2018. 
  12. «Danske Bank inn i Vipps». dn.no. 20. oktober 2017. Henta 16. juni 2018. 
  13. «Hva er best av Vipps, mCash eller MobilePay?». DinSide (på norsk bokmål). 18. september 2015. Henta 15. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Vipps