Villris
Utsjånad
Villris | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Grasfamilien Poaceae |
Underfamilie: | Oryzoideae |
Stamme: | Oryzeae |
Understamme: | Zizaniinae |
Slekt: | Villris Zizania L., 1753 |
Villris kan visa til fleire artar i grasfamilien som gjev risliknande korn, men ikkje er blitt domestisert og dyrka slik som til dømes vanleg ris (Oryza sativa) eller afrikansk ris (Oryza glaberrima).
Med villris meiner ein vanlegvis plantar frå Zizania-slekta. Zizania aquatica er ein nordamerikansk villrisart som opphavleg blei brukt av ojibwa-folk. Frå 1950-åra auka interessa for denne arten som matplante. Denne planten har korn som er over dobbelt så langt som hjå vanleg ris. Han har eit næringsinnhald tilsvarande kveite, havre og mais, med litt høgare proteininnhald.
Villris kan også visa til ville artar i risslekta (Oryza), som Oryza rufipogon. Leersia oryzoides er ein eurasiatisk risaktig art som blir brukt til fôr.
-
Villris (svart) med vanlege ristypar.
-
Kokt villris (Zizania aquatica)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Villris». Store norske leksikon. 15. februar 2009.