Hopp til innhald

Venlo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Venlo
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Nederland
Provins Limburg
Areal 128,99 km²
Folketal 101 988 (1. januar 2021)[1]
Kart
Venlo
51°22′00″N 6°10′00″E / 51.366666666667°N 6.1666666666667°E / 51.366666666667; 6.1666666666667
Kart som viser Venlo.
Kart som viser Venlo.
Kart som viser Venlo.
Wikimedia Commons: Venlo

Venlo er ein kommune og by i Nederland i provinsen Limburg med om lag 100 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Maas.

I 2003 vart kommunane Tegelen og Belfeld ein del av Venlo. Tegelen var opphavleg ein del av hertugdømet Jülich for fleire hundre år sidan, medan Venlo var ein del av hertugdømet Geldern.

Venlo har ei historie som går tilbake til romartida. Venlo utvikla seg som ein viktig handelspost langs elva Maas og var eit medlem av Hansaen. Han fekk byrettar i 1343. Blerick, som ligg på andre sida av elva vart grunnlagd av romarane som Blariacum.

Sidan han var strategisk viktig var Venlo omleira fleire gonger. Den viktigaste omleiringa skjedde i 1702 og var utført av Menno van Coehoorn. Etter dette vart Venlo innlemma i Dei sameinte Nederlanda og vart seinare ein del av Kongedømet Nederland.

Den 9. november 1939 vart to britiske agentar kidnappa av Sicherheitsdienst i det som har vorte kalla Venlo-tilfellet. Hendinga vart nytta av nazistane til å knyte Storbritannia til Georg Elser sitt mislukka attentatsforsøk på Adolf Hitler ved Burgerbraukeller to dagar tidlegare og rettferdigjorde invasjonen deira av Nederland, eit nøytralt land, den 10. mai 1940.

Sidan Venlo hadde både veg- og jernbanebru over Maas vart han utsett for kraftige bombeåtak mot slutten av krigen. Dei allierte trengde 13 forsøk på å øydelegge bruene og om lag 300 menneske mista livet i åtaka. Fleire historiske bygg gjekk òg tapt.

Rådhuset i Venlo.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Venlo