Venera 3
Utsjånad
Venera 3 var ein sovjetisk romsonde til Venus. Han vart skoten opp 16. november 1965, og truleg krasjlanda han på Venus 1. mars 1966. I det fall er Venera 3 det fyrste romfartøyet til å styrta inn i yta på ein annan planet.
Målet med ferda var å landa på Venus, men ein miste kontakt med sonden før landinga slik at ingen data vart returnerte.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Om Venera 3 hjå NSSDC