Vektløfting
Vektløfting er ein idrett der ein løftar ei vektstong over hovudet. Ein tevlar i to øvingar, rykk og støt. Rykk handlar om å løfta stanga frå bakken i ei rørsle til strake armar over hovudet. I støyt skal ein løfta vekta til skuldrene. Dette kallast vending, så skal vekta støytast til strake armar i ei rørsle. Under tevlinga har løftaren berre tre forsøk i rykk og tre i støyt.
Vektløfting i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Vektløfting er ein relativt liten idrett i Noreg. Idretten er lagt til rette for utøvarar i alle aldrar, og nokon er aktive til dei er over 70 år. I 2006 og 2007 vart Tormod Jensen (fødd 1926) europamester i vektløfting i veteranklassen 80+. På slutten av 1980-åra byrja kvinner å markera seg i norsk vektløfting. Gjennom 1990-åra og fram til i dag har kvinnedelen vore aukande. I 1972 tok Leif Jensen gullmedalje under OL i München.
Skadar
[endre | endre wikiteksten]Vektløfting kan vera vanskeleg å læra for gutar etter fylte 16 år. Idretten krev at ein er mjuk i hofta, skuldrer og anklar, som hjå gutar ofte minkar etter tolvårsalderen, til forskjell frå jenter som ofte er mjukare lengre. Knea og ryggen er særs utsett for slitasjeskadar.
Doping
[endre | endre wikiteksten]Denne idrettsgreina er kraftig belasta med doping. I 1992 gjorde det internasjonale vektløfterforbundet om vektklassedelinga, slik at dei gamle rekordane blei tilsidesatt.[1] I juni 2008 vart det kjent at elleve utøvarar frå det bulgarske landslaget hadde testa positivt under ei treningssamling.[2]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ NRK sport: Dette er VEKTLØFTING
- ↑ nettavisen.no: Bulgarsk dopingskandale, arkivert frå originalen 30. juni 2008, henta 29. august 2008