Val Poschiavo
Val Poschiavo (tysk Puschlav(tal)) er ein dal i den italiensktalande delen av den sveitsiske kantonen Graubünden eller Grisons. Den største byen i dalen er Poschiavo. Han grensar i nord til Berninapasset (Passo del Bernina) og i sør til den italienske grensa med den italienske byen Tirano like på andre sida av grensa i enden av dalen. Ei grein av just across the border at the end of thedalen. A branch of the smalsporsbanen Rhätische Bahn frå Tirano over Berninapasset til St. Moritz-området er den einaste jernbanesambandet mellom Italia og det austlege Sveits, og den høgastliggande jernbanevegen i Europa.
Dei to kommunane i Val Poschiavo, Poschiavo og Brusio, dannar distriktet Bernina i kantonen. Byar, landsbyar og grender i dalen er mellom andre Miralago, Brusio, La Rasiga, Campascio, Zalende, Viano, Cavaione, Campocologno, Prada, San Carlo, Privilasco, Sant'Antonio, Annunziata, Pagnoncini, Cantone, Li Curt, Sfazù, Müreda, Motta, Cologna, Cavaglia, Pedecosta og Angeli Custodi.
Av sidedalar finn ein: Val di Campo, Val dal Teo, Val Varuna, Val Saento. Dalen vert drenert av elva Poschiavino. Utanom Lago di Poschiavo er innsjøar i området Lago Bianco, Lago Braita, Lago Campascio, Lago Crocetta, Lago Dügural, Lago Matt, Lago Ombra, Lago Roan, Lago di Saoseo, Lago Teo og Lago di Val Viola.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Val Poschiavo» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2012.