Hopp til innhald

Vélez-Málaga

Koordinatar: 36°47′N 4°6′W / 36.783°N 4.100°W / 36.783; -4.100
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vélez-Málaga
Byvåpenet til Vélez-Málaga
Byvåpenet til Vélez-Málaga


Plassering
Vélez-Málaga is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Andalucía
Provins Málaga
Borgarmeister María Salomé Arroyo
Geografi
Flatevidd
 - By

156,36 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

72 842
  465,9 /km²
Koordinatar 36°47′N 4°6′W / 36.783°N 4.100°W / 36.783; -4.100
Høgd over havet 60 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 29700
Nettstad: www.ayto-velezmalaga.es

Vélez-Málaga er ein by i provinsen Málaga i den autonome regionen Andalucía i Spania. Lokalt vert han berre kalla Vélez. Kommunen er ein del av Costa del Sol-regionen.

Sjølve Vélez-Málaga er ein marknadsby og ligg 4 km inn i landet for frå Torre del Mar, men er i motsetnad til feriebyen ikkje dominert av turisme. I byen ligg ei borg på ein ås ovanfor byen, kyrkjene Santa María la Mayor, Nuestra Señora de la Encarnación og San Juan Bautista, barndomsheimen til Don Miguel de Cervantes og Palacio del Marqués de Beniel frå 1500-talet.

Kommunen har store landlege område og består av fleire andre busetnader, som Torre del Mar. Kommunen dekkjer 156,36 km² og har opp mot 70 000 innbyggjarar. Området har kraftig folkevekst og infrastrukturen er i stadig utbetring for å handsame det auka folketalet.

Kommunen har 25 km kystlinje. Den største elva er Rio Vélez.