Vättern
Utsjånad
Vättern | |||
innsjø | |||
Vättern, satellittbilete
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Utløp | Motala ström | ||
Nedslagsfelt | 4 503 km² | ||
Høgd over havet | 88 moh. | ||
Areal | 1 912 km² | ||
Middeldjupn | 41 m | ||
Største djupn | 128 m | ||
Volum | 77,0 km³ | ||
Koordinatar | 58°24′N 14°36′E / 58.400°N 14.600°E | ||
Øyar | Visingsö | ||
Byar | Vadstena, Jönköping, Hjo, Askersund, Åmmeberg, Karlsborg | ||
Vättern 58°24′N 14°36′E / 58.4°N 14.6°E | |||
Kart over Vättern
| |||
Wikimedia Commons: Vättern |
Vättern er den nest største innsjøen i Sverige, etter Vänern, og den sjette største i Europa. Innsjøen har ei flatevidd på 1 912 km². Han er 128 km lang, 31 km brei og største djupna er 128 meter.
Göta kanal går gjennom Vättern. Sjøen ligg mellom landskapa Västergötland og Östergötland, men grensar òg til Närke i nord og Småland i sør. Midt i Vättern ligg øya Visingsö. Visingsö vert knytt til fastlandet gjennom ferjesamband med byen Gränna på sjøen si austside.
Vättern er kjent for Vätternrundan, eit årlegt sykkelkapplaup med omkring 15 000 deltakarar på 300 km rundt sjøen, med start og mål i byen Motala ved austsida av Vätter .
Byar ved Vättern
[endre | endre wikiteksten]- Jönköping, den største byen ved Vättern, ligg ved sørspissen til sjøen
- Askersund, ligg ved nordspissen