Umbundu
Umbundu | ||
Klassifisering | Nigerkongo Atlantisk Voltakongo Benuekongo Bantoid Sørbantoid Bantuspråk Sone R | |
Bruk | ||
Tala i | Angola | |
Umbundutalande i alt | 5 000 000[1] | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | umb |
Umbundu (også: sørmbundu, benguela-mbundu) er eit bantuspråk som blir snakka i dei sentrale områda av Angola, spesielt i provinsane Huambo, Bié og Benguela. Umbundu blir snakka av ca. 35 % av folkesetnaden i Angola. Umbundu er eitt av seks nasjonalspråk i Angola.
Umbundu er språket til ovimbunduane, ei etnisk gruppe som vart danna i løpet av bantuekspansjonen sørover. Før portugisarane kom danna ovimbunduane fleire kongeriker, som dreiv med handel og dermed kravde kjennskap til umbundu. Umbundu fungerte dermed som handelsspråk også mellom andre grupper. Etter koloniseringa på 1800-talet vart umbundu skriftfesta og skildra grammatisk, både av protestantiske og katolske misjonærar. Skilnaden mellom dei to versjonane var liten. Umbundu er i nær slekt med kimbundu, som også blir snakka i Angola.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Thomas Edward Bowdich: An Account of the Discoveries of the Portuguese in the Interior of Angola and Mozambique. John Booth, 1824
- Gladwyn M. Childs 'Umbundu Kinship and Character: Being a Description of Social Structure and Individual Development of the Ovimbundu', London: Oxford University Press, 1949. ISBN 0-8357-3227-4.
- Thilo C. Schadeberg (1982) 'Nasalization in Umbundu', Journal of African Languages and Linguistics, 4, 2, 109-132.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ethnologue sin rapport om umbundu
- Kart over Umbundu frå LL-Map Project Arkivert 2012-03-30 ved Wayback Machine.
- Informasjon om Umbundu frå The MultiTree Project
- PanAfrican L10n si side om Umbundu
- Umbundu Lessons Arkivert 2009-08-31 ved Wayback Machine.
- Dictionary Umbundu - Medical Hospital Nossa Senhora da Paz, Cubal, Angola.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Umbundu hos Ethnologue