Tsjernihiv oblast
Tsjernihiv oblast | |||
Чернігівська область | |||
oblast | |||
|
|||
Kallenamn: Чернігівщина (Tsjernihivsjtsjyna) | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
By | Tsjernihiv, Nizjyn, Prylukyj | ||
Rajon | 22 | ||
Byrajon | 3 | ||
Byar | 78 | ||
Landsbyar | 1494 | ||
Hovudstad | Tsjernihiv | ||
Areal | 31 865 km² | ||
Folketal | 959 315 (1. januar 2022)[1] | ||
Grunnlagd | 15. oktober 1932 | ||
Språk | ukrainsk | ||
ISO 3166-2 kode | UA-74 | ||
Postnummer | 14–17xxx | ||
Retningsnummer | +380 46 | ||
Bilnummer | СВ | ||
Tsjernihiv oblast 51°20′N 32°04′E / 51.34°N 32.06°E | |||
Kart som viser Tsjernihiv oblast.
| |||
Wikimedia Commons: Chernihiv Oblast |
Tsjernihiv oblast (ukrainsk Чернігівська область Tsjernihivska oblast ) er ei politisk eining på provinsnivå (oblast) i det nordlege Ukraina. Hovudstaden i provinsen er byen Tsjernihiv.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Provinsen har ei flatevidd på i kring 31 900 km². Han grensar i vest mot Kievdammen i elva Dnepr og mot Kyiv oblast, mot Sumy oblast i aust, og Poltava oblast i sør. Tsjernhiv oblast si nordgrense dannar Ukrainas statsgrense mot høvesvis Belarus (Homiel voblast) i nordvest og Russland (Brjansk oblast) i nordaust.
Tsjernhiv oblast vert av elva Desna delt i ein nordleg part og ein sørleg part. Desna renn ut i Dnepr straks nord for Kyiv sine bygrenser.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]I 2006 var folketalet i Tsjernhiv oblast 1 156 609, i 2022 hadde folketalet minka til 959 315. Størstedelen av innbyggjarane er ukrainarar, mindre grupper av belarusarar og russarar er konsentrert om dei nordlegaste distrikta.
Folketalet i provinsen har vore fallande i lang tid, og fallet er kraftigare enn i nokon annan ukrainsk provins. I 1959 budde 1 554 000 menneske i provinsen. Ingen annan provins i Ukraina er så tynt folkesett.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Tsjernihiv oblast sitt næringsliv dreiar seg mykje om utvinning av petroleum og naturgass, produksjon av maskinar, tilverking av tobakk og tekstilindustri. Ein stor tobakksfabrikk ligg i Pryluky. Byane Bakhmatsj og Nizjyn er viktige knutepunkt for jarnbaner frå Russland og Kviterussland til Søraust-Europa. I Tsjernhiv by ligg maskinverkstader og elektronikkindustri.
Rajon
[endre | endre wikiteksten]Rajonar (distrikt) i Tsjernihiv oblast:
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chernihiv oblast» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2010.