Tom Scholz
Tom Scholz | |||
Tom Scholz med Boston 13. juni 2008 i Hinckley i Minnesota | |||
Fødd | 10. mars 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Toledo | ||
Fødenamn | Donald Thomas Scholz | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1969 | ||
Sjanger | Arenarock, classic rock, hardrock, progressiv rock, rock | ||
Instrument |
| ||
Tilknytte artistar | Boston | ||
Plateselskap | Epic, CBS, MCA | ||
Verka som | Musikar, produsent, låtskrivar, oppfinnar |
Donald Thomas Scholz (fødd 10. mars 1947) er ein USA-amerikansk rockemusikar, låtskrivar, oppfinnar, lydteknikar og filantrop,[1][2] mest kjend som skipar og fast medlem av gruppa Boston.
Han kom inn i musikkindustrien på ein uvanleg måte. Han var ein MIT-utdanna ingeniør med interesse for musikk og designa sitt eige platestudio i kjellaren i huset sitt for å spele inn sin eigen musikk. Det første Boston-albumet vart hovudsakleg spelt inn i kjellarstudioet, ofte med apparat han designa og fann opp sjølv. Etter den første suksessen til bandet, skipa han Scholz Research & Development, Inc. for å utvikle og marknadsføre sine eigne oppfinningar, mange under merket Rockman. Han er blitt skildra av AllMusic som «ein notorisk 'ikkje-rock n' roll'-person som aldri likte å vere i rampelyset som artist», og som føretrekte å konsentrere seg heilt om musikk, produksjon og finne opp nytt elektronisk utstyr. I nyare år har han brukte mykje av pengane og tida si på veldedig arbeid.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tom Scholz» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «DTS Charitable Foundation». Dtscf.org. Henta 15. mai 2020.
- ↑ «Tom Scholz Honored by FARM | thirdstage.ca | News, Media and More About the band BOSTON». thirdstage.ca. Henta 15. mai 2020.
- ↑ Kurutz, Steve. Tom Scholz - Allmusic
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tom Scholz på Boston si offisiell nettside