Hopp til innhald

Supergravitasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simulet Large Hadron Collider CMS-partikkeldetektordata viser eit Higgs-boson danna av kolliderande proton som blir til hadron-strålar og elektron.

Supergravitasjon (av super- og gravitasjon) er ein sameint teori for gravitasjon, elektromagnetisme, fargekraft og sterk kjernekraft. Forstavinga super refererer til ein ein symmetri, supersymmetri, som inneber at fermion (partiklar som materien består av) og boson (partiklar som formidlar krefter) opptrer som same type partiklar. Supergravitasjon er difor òg ein sameint teori for krefter og materie.