Steiermark
Utsjånad
Steiermark | |||
forbundsland | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Styria | ||
Hovudstad | Graz | ||
Areal | 16 400,75 km² | ||
Folketal | 1 246 395 (1. januar 2020)[1] | ||
Språk | Tysk | ||
![]() Steiermark 47°15′00″N 15°10′00″E / 47.25°N 15.166666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Styria |
Steiermark (slovensk Štajerska) er eit forbundsland (Bundesland) i Austerrike. Hovudstaden er Graz, arealet er 16 400 km² og folketalet om lag 1 250 000. Steiermark ligg søraust i Austerrike, og har grense til Slovenia.
Forvaltning
[endre | endre wikiteksten]Steiermark omfattar 12 distrikt (Bezirke), som har namn etter administrasjonsseta, og ein såkalla Statuarstadt (Graz):
- Bruck-Mürzzuschlag
- Deutschlandsberg
- Graz-Umgebung
- Hartberg-Fürstenfeld
- Leibnitz
- Leoben
- Liezen
- Murau
- Murtal
- Südoststeiermark
- Voitsberg
- Weiz
Soge
[endre | endre wikiteksten]Før den første verdskrigen var Steiermark eit hertugdømme underlagt det austerrikske keiserdømmet. Ved oppløysinga av Austerrike-Ungarn i 1918 vart det gamle hertugdømmet delt, og ein stor del av det er i dag del av Slovenia. Det finst òg ein liten slovensk minoritet i den austerrikske delen av Steiermark.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/66/Karte_Aut_Stmk_Bezirke.png/220px-Karte_Aut_Stmk_Bezirke.png)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Bevölkerung am 1.1.2020 nach detaillierter Staatsangehörigkeit und Bundesland». Henta 3. januar 2021.