Hopp til innhald

Språkrådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om det norske Språkrådet. For rådet med same namn i Sverige, sjå Språkrådet i Sverige.
Språkrådet


Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.971527404
Skipa2005
Forgjengar(ar)Norsk språkråd
MorselskapKulturdepartementet
HovudkontorOslo
LandNoreg
StyreleiarIngrid Vad Nilsen
Nettstadhttps://www.sprakradet.no/ (bokmål)

Språkrådet er staten sitt fagorgan i spørsmål om norsk språk. Språkrådet har som hovudoppgåve å verna norsk språk, og styrkja statusen til norsk i notid og framtid. Det gjeld både norsk språk generelt og den nynorske målforma spesielt. I tillegg skal Språkrådet ta omsyn til språkstoda som heilskap i landet, dvs. interessene til nordmenn med anna morsmål enn norsk. Språkrådet skal vidare observera og vurdera språkutviklinga i landet, og på det grunnlaget skal ein òg driva språknormering.

Språkrådet skal verna norsk språk, og fører tilsyn med språklova for å hindra at språket vert «utvatna». Dei forvaltar rettskrivninga i nynorsk og bokmål, og godkjenner norske ordbøker og ordlistar til bruk i skulen. Vidare gjev dei og gjev råd om stadnamn og andre språklege emne, og arbeidar for at offentlege og private aktørar i Noreg brukar eit klart språk som er lettfatteleg for målgruppa.[1] Språkrådet fremjar norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka som kvensk og romani. Språkrådet samarbeidar òg med språkinstitusjonar i andre land, mellom anna for å sikra nabospråkforståing i Norden.

Stortinget slutta seg i 2003 til eit forslag om å omdanna Norsk språkråd til eit nasjonalt kompetansesenter for norsk språk. Språkrådet vart skipa 1. januar 2005, og avløyste då Norsk språkråd. Ved brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet 18. mai 2005 vart det fastsett at namnet skulle vera Språkrådet. Språkrådet sin første direktør var Sylfest Lomheim.[2]

Språkrådet har eit sekretariat som vert leidd av ein direktør i åremålsstilling. Sidan 1. januar 2024 har Ingrid Vad Nilsen vore styreleiar.[3] Språkrådet har eit styre som er oppnemnt av Kulturdepartementet.[4]

Medlemene i styret møtet i prinsippet som einskildpersonar, og ikkje som representantar for eit lag eller ein institusjon, slik tilfellet var med representasjonen i det gamle Norsk språkråd.

Språkrådet har fire fagråd som skal gje fagleg støtte til sekretariatet og styret:[5]

  • Fagrådet for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning
  • Fagrådet for skule og offentleg forvaltning
  • Fagrådet for normering og språkobservasjon
  • Fagrådet for stadnamn

Av desse fagråda er Fagrådet for normering og språkobservasjon det som liknar mest på det som var Fagnemnda i Norsk språkråd, men til liks med dei andre fagråda har det berre ein rådgjevande funksjon.

  1. «Klart språk», www.sprakradet.no (på norsk bokmål), henta 19. september 2022 
  2. Lomheim var direktør frå 2004 til 1. september 2010. Spørsmålet om ny direktørstilling var omstridd, ettersom styret sommaren 2010 gjekk inn for å tilsetje Kjell Lars Berge, medan kulturminister Anniken Huitfeldt ikkje ville ha Berge i stillinga. Avgjerda til kulturministeren gjorde at heile fire representantar i styret trekte seg i oktober 2010: fungerande leiar Magni Øvrebotten, Jan Olav Fretland, Tor Fuglevik og Silje Solheim Karlsen.
  3. Kultur- og likestillingsdepartementet. «Nytt styre for Språkrådet». Kultur- og likestillingsdepartementet. Henta 17. oktober 2024. 
  4. «Styret», Språkrådet (på norsk bokmål), henta 17. oktober 2024 
  5. «Fagråd». Språkrådet. Henta 17. oktober 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]