Hopp til innhald

Speyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Speyer
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Rheinland-Pfalz
Landkreis Kreisfri by
Høgd 110 m
Areal 42,71 km²
Folketal 51 203 (31. desember 2023)
Grunnlagd 10 fvt.
Postnummer 67346
Retningsnummer 06232
Bilnummer SP
Kart
Speyer
49°19′00″N 8°26′01″E / 49.3165553°N 8.433615°E / 49.3165553; 8.433615
Wikimedia Commons: Speyer

Speyer er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen ligg ved Rhinen, om lag 25 km sør for Ludwigshafen am Rhein og Mannheim. Det eldste kjende namnet på byen er Civitas Nemetum, kalla opp etter den germanske stamma Nemeter, som budde i området. Rundt år 500 fekk byen namnet Spira etter elva Speyerbach, som munnar ut i Rhinen her.

Speyer har eit kompakt sentrum som er dominert av Speyer domkyrkje, fleire andre kyrkjer og Altpörtel (Den gamle byporten). I domkyrkja, under høgalteret, ligg gravene til åtte tyske keisarar og kongar.

I år 10 f.Kr. vart det oppretta ein romersk militærleir kalla Noviomagus her, og germanske stammer slo seg ned i Civitas Nemetum. I år 346 fekk Speyer ein biskop. Namnet på byen vart først nemnd i 496 som Spira. I 1030 låg den saliske keisaren Henrik IV ned grunnsteinen til domkyrkja i Speyer. I 1294 mista biskopen dei fleste av sine tidlegare rettar, og byen vart ein fri keisarby direkte underlagt keisaren. Han var sete for den tysk-romerske Rikskammerretten frå 1527 til 1693. På riksdagen i Speyer i 1529 protesterte dei evangeliske riksstendene mot dei reformasjonsfiendtlege sluttnadane som vart vedtatt her. Byen vart nesten øydelagt av franske troppar under den pfalziske arvefølgekrigen i 1689, og først i 1698 byrja gjenoppbygginga. I 1792 vart han okkupert av franske revolusjonstroppar, og var under fransk herredøme fram til 1814. I 1816 vart byen kretshovudstad i Pfalz og sete for regjeringa for Den bayerske rhinkretsen (seinare Bayersk Pfalz). Mellom 1893 og 1904 vart det bygd ei minnekyrkje til minne om den protestantiske protesten i 1529.

Hovudgata i Speyer som fører opp til domkyrkja.
Foto: «Chris 73»

Domkyrkja i Speyer står på UNESCO si verdsarvliste. I 1987 vitja pave Johannes Paul II dombyen.

Venskapsbyar

[endre | endre wikiteksten]

Speyer er venskapsby med den britiske byen Spalding, den franske byen Chartres og den italienske byen Ravenna.

Byen feira 2 000-årsjubileum i 1990 med talrike utstillingar, konsertar og andre arrangement. Mellom anna vitja George H. W. Bush og Mikhail Gorbatsjov byen etter invitasjon frå kanslar Helmut Kohl.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Speyer